NRK Meny

Mild og fin vinter har sørga for fleire tonn med hausteklar sukkertare

Etter eit halvt år med venting er det endeleg klart for å hauste inn sesongens sukkertare.

Ein mild vinter har resultert i god vekst for tareoppdrettarane i Solund.

Artikkelen er flere år gammel.

– Vi sådde han i august, og planta han i sjøen i oktober. Gjennom vinteren utviklar taren seg frå å vere veldig små til å bli opp til 1, 5 meter eller meir, seier Job Schipper i Hortimare.

Den nederlandske oppdrettaren kan endeleg sjå resultatet av sukkertaren som vart planta i haust. På lange tau planta selskapet taren rundt oppdrettsanlegget til Sulefisk i Solund. I mars var det ikkje lange stilkane ein kunne sjå, men nokre månadar etterpå er taren moden for hausting.

Hortimare som står bak framdyrkinga av planten har arbeidd med prosjektet i fire år. Til no har det vore ein suksess.

Det er krevjande arbeid å hauste enorme mengder tare.

SLIT: 3,5 tonn sukkertare har vore fangsten frå årets innhausting av sukkertare i Solund.

Foto: Silje Bråstad

Mild vinter har ført til godt resultat

– Dette året har taren vakse veldig godt. Vi trur det er fordi temperaturen ikkje var så låg. Vi vil vere klare til å utvide meir neste år. Planen er at det skal bli større og større, seier Schipper med han trekkjer opp nye tau fulle av tare.

I år har dei hausta 3,5 tonn tare frå dei kring hundre metrane med tau som dei har plassert rundt om Fureholmen i Solund. Taren har fått næring frå fiskeoppdrett, og fiskane har i retur fått sjøprotein inn i fôret.

Selskapet meiner taren er ein ressurs som kan bli nytting framover, på grunn av sjøproteinet han lagar. Taren kan brukast til vidare forsking, i dyrefôr, mat og legemidlar.

– Proteinet blir generert direkte frå sollyset og går rett inn i planten, fortel nederlendaren som håpar å kunne levere tara til neste år.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar