NRK Meny
Normal

Her har midtstopparen signert kontrakt med RBK

Midtstoppar Even Hovland går frå Sogndal til Rosenborg BK.

even hovland

KLAR: Even Hovland poserer med RBK-trøya saman med sportsleg leiar i RBK, Stig Inge Bjørnebye.

Foto: rbk.no

Den 29 år gamle midtstopparen reiste i ettermiddag til Trondheim for å forhandle om kontrakt med eliteserielaget.

Slik som NRK erfarte tidlegare i kveld, stadfestar no Rosenborg på sine nettsider at Even Hovland har skrive under på ein 3,5 årskontrakt.

– Det var ikkje noko vi ville skulle skje, men det var Even sitt ynskje og slik intensjonen var då han kom tilbake. Når du spelar i Obosligaen og Rosenborg kjem på bana, så er det vanskeleg å halde att ein spelar med landslagsambisjonar og spel på øvste nivå, seier Eirik Bakke til NRK.

Kunne ikkje seie nei

Eirik Bakke

FORSTOD: Etter at Even Hovland storspelte i 0-0-kampen mot Aalesund tysdag, forstod Eirik Bakke at midtstopparen kunne forsvinne før overgangsvindauget stengde ved midnatt onsdag.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med verken midtstopparen eller sportsleg leiar i Rosenborg, Stig Inge Bjørnebye.

Even Hovland kom til Sogndal frå Høyang i 2007. Etter 91 kampar vart han seld vidare til Molde i 2012. To sesongar seinare gjekk turen vidare til tyske Nürnberg.

Etter eit blytungt fotballår i 2. Bundesliga, kom 29-åringen tilbake til Sogndal i fjor sommar .

– Då vi hadde moglegheit til å hente han, så var det ei viktig sak for han å ha klausul om å kunne få gå. Det er ikkje andre klubbar i Norge det er betre å sleppe han til, enn Rosenborg, seier Bakke.

Forstod at noko var på gang

– Så skal vi vere stolte over å ha hjelpt han bygge seg opp att og gi han moglegheit til å spele på øvste nivå i Norge, i Europa og kanskje på landslaget, legg Sogndal-trenaren til.

Even Hovland hastar vekk frå Lerkendal

HASTAR VEKK: Even Hovland hastar vekk frå Lerkendal i bil saman med sportsleg leiar Stig Inge Bjørnebye.

Foto: MORTEN ANDERSEN / NRK

Rosenborg har vore på jakt etter nye midtstopparar og då skotske Dundee ikkje aksepterte eit bod på kring 1,3 millionar pund på Steven Caulker (ekstern lenkje), vende Rosenborg augo mot den tidlegare landslagsspelaren.

– Eg forstod at noko var på gang etter Aalesund-kampen. Eg visste at dei følgde med han og måten han spelte og stod fram på gjer at dette ikkje kjem som noko bombe. Han var litt for god i går, seier Bakke.

Blir truleg ikkje erstatta

– Det hadde nesten vore betre om han hadde hatt ein dårleg kamp. Då hadde vi fått behalde han, humrar Bakke.

29-åringen står med 24 A-landskampar for Norge. Han fekk også Kniksen-prisen som årets forsvarsspelar i 2011.

Rosenborg har ikkje ligge på latsida timane før overgangsvindauget stengjer. Tidlegare onsdag vart det klart at Rafik Zekhnini kjem på lån frå Fiorentina.

Bakke er budd på å gå inn mot sesongens første heimekamp utan noko erstattar for Hovland.

– Spesielt i garderoben blir det eit tomrom, men Even fortener eit nytt eventyr. Han har jobba hardt dei siste månadane. Så får vi fokusere inn mot Tromsdalen til helga, og vi skal stille godt utan Even, avsluttar han.