Hopp til innhold

Her har vatnet gått minst éin meter over normalen

Det har ført til at mykje vatn har funne vegen inn på hotellet. – Ingen god kombinasjon med høgt vatn og storm, seier ordføraren.

Raftevolds hotell - Hornindalsvatnet
Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Det var avisa Fjordingen som først omtalte dei store vassmengdene i Hornindalsvatnet, og bølgjene som har slått inn over Grodås brygge i Hornindal sentrum. På Raftevolds hotell kom det tysdag inn rundt 15 centimeter med vatn i den såkalla Dølensalen som ligg på hotellet sitt lågaste nivå.

– På biletet kan det sjå ut som at bølgjene slår oppetter veggen på hotellet. Det gjer dei ikkje, men dei slår oppetter det raude bygget der hotellet har utemøblar, seier ordførar Stig Olav Lødemel.

Mykje høgare enn normalt

Han fortel at det er svært sjeldan kost å sjå Hornindalsvatnet så stort på denne tida av året.

– Dølensalen er på ein måte er eit mål på kor høgt vatnet er. Når det kjem vatn inn der då er vatnet høgt. Det skjer svært sjeldan, seier Lødemel.

Og ein så høg vasstand utgjer ingen god kombinasjon saman med storm, seier ordføraren..

Springflo

MYKJE VATN OGSÅ I EID: Her ved Jektehola ved Eidselva på Nordfjordeid.

Foto: Rune Taklo

– Det medfører jo at bølgjene slår lenger inn mot land. Der det er vatn på dei andre bileta er det ein open plass som blir brukt til mellom anna parkering. Der har vi sperra av fordi det går vatn opp på moloen og det kan vere vanskeleg å sjå kor kanten er.

Ved NVE si flaumvarsling fortel vakthavande Inger Karin Engen at målestasjonen som ligg i vestre enden av Hornindalsvatnet syner ein vasstand på rundt ein meter over normalen for denne årstida.

– I tillegg kan kraftig vestavind ha ført til ei opphoping i den austre enden der hotellet ligg, så det kan ha vore meir der. Det har gått litt ned no i vestre del, men ikkje mykje.

Har sett opp sandsekkar

Vatnet på hotellet har 1. juledag rent ut igjen, noko som tyder på at vatnet er på veg tilbake. Det er også meldt at vinden skal løye utover kvelden. Likevel er det gjort nokre grep for å hindre ytterlegare vatn i å komme inn på hotellet.

– Det er sett opp sandsekkar ved inngangen på denne sida, men det er eit stykke frå vatnet og opp til hotellet, seier Lødemel.

Eigarane av hotellet er reist på ferie, så det er ein vaktmeister som no passar på. Utover vatnet inne på hotellet er det ikkje kome inn meldingar om andre skader i kommunen.

Engen i NVE seier at dei ikkje har fått melding om andre stader i fylket med store vassføringar. Slike stader vil uansett merke fort at vatnet forsvinn dei neste dagane då det er meldt kjøligare vêr og lite nedbør, seier ho.

Springflo

SPRINGFLO: Ved småbåthamna på Nordfjordeid er det meir vatn enn normalt.

Foto: Rune Taklo