Hopp til innhold

Her har Sognekraft hogge skog - no er dei melde til politiet

Ein av grunneigarane i Grindsdalen i Leikanger har meld Sognekraft til politiet etter at kraftselskapet har starta anleggsarbeid utan løyve.

grindsdalen hogst

LINJETRASÉ: Sognekraft har brukt traktor og vinsj til å samle tømmeret som er hogd i Grindsdalen i Leikanger.

Foto: privat

Eit bilete grunneigaren har teke, syner at Sognekraft har hogd skog og lagt denne klar til transport. Ifølgje grunneigaren har dette skjedd heilt utan at han var informert.

– Eg har i dag meld Sognekraft til politiet for brot på kulturminnelova og lov om motorferdsel i utmark, fortel grunneigaren til NRK.

Meldinga er levert inn til politiet i Sogndal. Dei har førebels ikkje vore tilgjengelege for nokon kommentar til det grunneigaren har gjort.

Starta utan godkjenning

Sognekraft har dei siste dagane fått ramsalt kritikk for at dei har gjort arbeid i eit område som etter deira plan skal brukast til framføring av ei kraftline.

– Arbeidet til Sognekraft har starta opp utan at vilkåra i konsesjonen var tilfredsstilt. Godkjenning av detaljplan er framleis under behandling. Denne må vere godkjent før vi i NVE kan gje klarsignal, seier seksjonssjef for Noregs vassdrag- og energidirektorat sin miljøseksjon (NVE), Øyvind Leirset.

Fylkeskommunen si kulturavdeling har heller ikkje vore nådige i sin kritikk av arbeidet til Sognekraft i eit område som ikkje har vore undersøkt for kulturminne.

– Ein alvorleg glipp, meiner fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad.

Har beklaga før

Administrerande direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til at selskapet no er meld til politiet. Men han har tidlegare beklaga at den situasjonen selskapet har kome i.

– Det er gjort med ein glipp. Det er absolutt ikkje slik det skal vere og me er veldig lei oss for at me har kome i ein slik situasjon, beklagar administrerande direktør i Sognekraft AS, Terje Bakke Nævdal.

Han forklarar glippen med at dei trudde arbeidet med undersøkingar av kulturlandskapet var gjennomførte. Skifte av saksbehandlar skal, ifølgje Bakke Nævdal, vere årsaka til feilinformasjonen.

Sognekraft sin advokat, Endre Grande, seier dei har kontakta politiet, men at dei ikkje har registrert at saka har blitt meldt.

– Det er ikkje dermed sagt at det ikkje kan liggje ei politimelding der, men vi har ikkje fått sett noko enno og veit ikkje kva det går ut på. Då er det ikkje så lett å kommentere, seier advokaten.