NRK Meny
Normal

Her har Paul Robert og Kai sitt islagde paradis

Ved Juvatnet mellom Vågsøy og Vanylven kommune har Paul Robert Røyseth og Kai Götze funne sitt islagde paradis.

Ved Juvatnet mellom Selje og Vanylven kommune har Paul Robert Røyseth og Kai Götze funne sitt islagde paradis.

SJÅ VIDEO: På islagde Juvatnet på Beksle har Paul Robert Røyseth og Kai Götze fiska fleire vintrar. Og somrar. (FOTO: BJARNE ELDEVIK/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Det kalde og fine vêret siste tida har blitt nytta på så mange måtar. Noko Paul Robert Røyseth frå Vågsøy og Kai Götze frå Hareid også har visst å gjere i ei årrekkje.

På spegelblanke og islagde Juvatnet på Beksle på grensa til Vanylven. Med seg har dei to til fire fiskestenger.

– Eg kjem her så lenge eg har tid, og ikkje er på jobb, seier Paul Robert Røyseth frå Vågsøy.

Flytta til Norge

Dei to fann kvarandre då tyske Götze fekk jobb og flytta til Norge med kona si for fem-seks år sidan. Tyskaren kom over Røyseth då han søkte på internett etter ein fiskekamerat. Sidan har dei fiska saman sommar, som vinter.

– Isfiske er ikkje vanleg der eg kjem frå i Tyskland, men lenger nord er det meir populært, seier Götze og fortel at den største fisken han har fått under isfisket var på kring kiloen.

– Men det er ikkje så vanleg her. Det mest vanlege er mellom 200 og 300 gram, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.