Om det er nokon som er lei av å bu i Førde eller Flora – eller om det er snakk om eit finurleg strategisk utspel, er usikkert. Men einkvan har iallfall hatt ein heil liten jobb med å byte om kommuneskilta langs riksveg 5:
Nokre meter vest for Naustdalstunnelen står no skiltet med «Førde kommune». Og langs vegen mellom kommunesentera i Naustdal og Førde står no skiltet med «Flora kommune».
– Det er jo unekteleg morosamt. Kreativt, seier folk NRK har snakka med.
– Det ikkje sikkert dette er gjort med humor. Eg tenkjer det må vere innbyggjarane i Førde som no vil bli ein del av Flora. Det må vere den opplagte forklaringa, repliserer Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) med glimt i auga.
Dei to sunnfjord-kommunane er kjende for å ha ei lang historie med rivalisering. Kanskje har ein naustedøl no prøvd å gjere noko med det? Eller er det eit innspel i debatten om kommunesamanslåing?
– Kanskje. Då er det vel eit innspel frå inbyggjane i Førde om at Flora skal vere med i den kommunen. Sånn sett er det eit kreativt innspel, humrar Teigen.
- Les også:
NRK har vore i kontakt med Statens vegvesen, som ikkje vil kommentere saka før dei har funne ut kva som har skjedd.