NRK Meny
Normal

Her har nokon plassert ein skikkeleg «utedo»

Kan hende det er draumen om frisk luft i håret medan du gjer frå deg, som er årsaka til at nokon har plassert denne doen på Tysse i Fjaler.

Do i naturen

LETTVINT? I lang tid har dette klosettet stått som eit slags performancekunstverk ved fylkesveg 607.

Foto: Hallvard Arstein

Har Fjaler kommune gjort noko med trongen for offentlege toalett langs fylkesveg 607? Det er kanskje tanken som har slått dei som har passert dette synet dei siste par vekene.

For på Tysse, i krysset der vegen tek av til Straumsnes, har nokon plassert eit klosett, eit par meter frå ein container for hytteavfall. Hallvard Arstein, som bur på Straumsnes og passerer staden to gonger dagleg, synest det er slaurskap å sette det frå seg der.

– Vi har ein godt organisert fyllplass fem kilometer unna. Han er open mellom klokka 12 og 18 kvar tysdag, og det hadde ikkje vore store bryet for eigaren å køyre dei ekstra kilometrane.

– I dag er det tysdag, så kanskje eigaren får dårleg samvit om han ser denne artikkelen og køyrer klosettet til fyllplassen før klokka 18?

– Det går vel an å håpe på det, men det er vel ikkje særleg sannsynleg.

– Ofte plastposar ved containeren

Klosettet er tilsynelatande heilt. Arstein reknar med at det kanskje har blitt kassert fordi eigaren ville ha seg noko nytt.

– Det er så moderne med veggfaste toalett, no.

Arstein fortel at det er vanleg at det står avfall attmed containeren for hytteavfall.

– Veldig ofte står det plastposar som truleg er for store til at dei har fått dei inni containeren, og dermed blir dei berre sette ved sida av.

Forundra

I Sunnfjord Miljøverk får NRK opplyst at det ikkje er vanleg å finne klosett langs vegane, men at det hender det står andre ting ved containerane for hytteavfall.

Også der er dei forundra over at folk ikkje kan levere spesialavfall der det høyrer heime, sidan det for dei fleste er gratis.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå