Hopp til innhold

Her har mange førehandsrøysta

Innbyggjarane i Gulen og Aurland skal ta stilling til både kommunesamanslåing og kva fylke dei vil vere ein del av. Det har fått mange til å førehandsrøyste før super-måndagen.

Eivindvik i Gulen

17 PROSENT: Skal Eivindvik framleis vere kommunesenter? Det har mange alt gitt sitt svar på i Gulen.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Dette spørsmålet betyr mykje for Gulen. Det gjeld både kva kommune ein skal høyre til, men også kva fylke vi skal vere i. Begge desse spørsmåla er viktige for folk i Gulen, seier ordførar Hallvard S. Oppedal (Sp).

Av dei sju sognekommunane som måndag held folkerøysting om kommunesamanslåing, er det ingen som har fått fleire førehandsrøyster enn Oppedal sin kommune.

Håpar på klare signal

Gunnhild Mongstad, folkerøysting i Gulen

RØYSTA I GULEN: Gunnhild Mongstad er ei av mange som måndag har røysta på sjølve valdagen.

Foto: Kenneth Kidøy

17 prosent, eller 328 har valt å vere tidleg ute for å seie sitt om framtida til Gulen.

– Det er fint at så mange har røysta på førehand. Det har vore godt oppmøte og bra engasjement på folkemøta vi har hatt, så heilt overraskande er det ikkje, kommenterer ordføraren.

Folk i Gulen har tre alternativ å velje mellom. Åleinegang som i dag, samanslåing med Masfjorden, eller bli ein del av ein stor Nordhordlands-kommune med Knarvik som sentrum.

Då NRK snakka med Oppedal litt før klokka 16, var han på møte i Solund og hadde enno ikkje vore innom vallokala i heimkommunen.

– Det opna i ikkje før klokka 10. Då var eg reist til Solund, men eg skal inn og telje opp saman med valstyret i kveld. Det blir veldig spennande.

– Trur du de får klare svar?

– Det er jo det eg håpar. Vi har tre alternativ. Eg håpar vi får eit klart svar slik at det blir eit godt råd til oss i kommunestyret, seier Oppedal.

Aurlandsvangen

TRUR PÅ HØG DELTAKING: Med 14,87 prosent førehandsrøyster trur Aurland-ordføraren på høg valdetakting måndag. På biletet ser ein kommunesenteret Aurlandsvangen sett frå Stegastein.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kø i røystelokala

I andre enden av Sognefjorden skal også innbyggjarane i Aurland ta stilling til om dei vil rette blikket sørover. Spørsmålet om Aurland bør halde fram som eigen kommune, eller slå seg saman med hordalendingane på Voss, og sogningane i Vik, har fått nær 15 prosent til å førehandsrøyste.

– Vi er godt nøgde med førehandsrøystene. Det lovar godt for valdeltakinga, og det har vore kø frå første stund i dag, seier ordførar Noralv Distad (H).

Han trur mange førehandsrøyster er ein indikator på at også valdeltakinga på sjølve valdagen blir god. Spørsmålet om Aurland si framtid engasjerer, seier Distad.

– Det har vore eit stort samtaletema blant folk i alle aldersgrupper.

Det er knytt spenning til valdeltakinga. Førebels er det berre oppteljinga av førehandsrøystene som er offentleggjort.

I Vik, der innbyggjarane også kan velje å vende seg sørover mot Voss og Hordaland, har seks prosent førehandsrøysta. Vikjene kan velje mellom å stå åleine, slå seg saman med Balestrand, Leikanger og Sogndal, eller altså gå sørover til Voss saman med Aurland.

I Leikanger har 7,3 prosent av innbyggjarane førehandsrøysta i storkommunevalet. Høyanger har 7,5 prosent førehandsrøysta. Balestrand og Sogndal har førebels ikkje offentleggjort deltakinga frå si førehandsrøysting.

Kva innbyggjarane har førehandsrøysta, har sperrefrist fram til vallokala stengjer måndag kveld.