Hopp til innhold

Her har han nettopp runda verda – to gonger

Då han landa i Tallinn i dag var det heile over. Gunnar Garfors frå Naustdal er det første mennesket som har besøkt alle landa i verda to gonger.

Gunnar Garfors, Tallinn, Estland, desember 2018

VERDSVAN X 2: Gunnar Garfors frå Naustdal ser fram til norsk jul og pinnekjøt i Sunnfjord etter å ha reist ganske mykje den siste tida ...

Foto: Gunnar Garfors

– Det var godt å bli ferdig, seier Gunnar Garfors frå Estland.

Han står, passande nok, og ventar på eit fly heim til Oslo når NRK snakkar med han.

– Gratulerer med rekorden.

– Tusen takk for det!

Det er ein letta og glad mann som straks skal ut på det han minst likar med hobbyen han har gjort til ein livsstil.

– Akkurat flyturane er eg litt lei av, det må eg innrømme. Men det går fort over så snart eg landar. Då er det nye plassar og opplevingar å få med seg, seier han.

Og det har blitt ein del opplevingar på han. Nærare bestemt 198 gonger 2, minst. Med det er han altså den aller første som besøker kvart einaste land i verda to gonger. Å få det svart på kvitt i Guinness rekordbok derimot, kan ta litt tid.

– Eg må ta dette med Guinness rekordbok sjølv, og så er det opp til dei om dei vil ta det inn som verdsrekord. Det er jo ingen som har gjort det før, seier Garfors.

Den jobben skal han ta, men det viktigaste er dette:

– Verdsrekord er det uansett, seier han med eit smil som kan høyrast heilt frå Tallinn.

Fortener ikkje berre eitt besøk

– Dette handlar ikkje berre om å ha gjort det for å ha gjort det. Eg sit att med veldig mykje etter å ha besøkt alle desse landa, seier han.

Det byrja som eit bokprosjekt om verdas minst besøkte land. I det arbeidet forstod han at ingen land fortener å bli besøkt berre ein gong. Og i nokre tilfelle er det fyrste gongen på 10–15 år som Garfors er tilbake.

– Det kanskje mest spesielle er å sjå alle endringane sidan sist eg var der. Å få sjå den utviklinga er veldig spennande, seier han.

Bokprosjektet tok ikkje slutt med den nye verdsrunden. Resultatet får me sjå i april med tittelen «Ingen stad».

No kan du roe ned reisekøyret om du vil, er det aktuelt?

– Ja, det kan eg jo, men det å reise gjev meg så utruleg mykje. Det handlar om å treffe folk, sjå og lære om andre kulturar, møte nye vener, smake ny mat. Så det å ikkje reise hadde vore ei fornærming mot både sjel og sinn, seier han og held fram:

– Men kanskje kan det bli litt mindre flyreiser framover.

– Kjem du til å reise ut på ein tredje runde?

– Tilbyr du sponsing, spør han og ler.

Gunnar Garfors i Turkmenistan

VISUM-TRØBBEL: Det vanskelegaste landet å kome inn i var Turkmenistan. Til slutt fekk han melde seg på ein telekom-konferanse og søkje om forretningsvisum.

Foto: Gunnar Garfors