NRK Meny
Normal

Her har ein av verdas rikaste menn ankra opp i Lærdal

Torsdag morgon låg superyachten «Kismet» oppankra utanfor Lærdalsøyri. Båten er eigd av Shahid Khan, som også eig fotballklubben Fulham FC i London.

Superyachten Kismet i Lærdal

FLOTT SYN: «Kismet» på Lærdalsfjorden torsdag morgon.

Foto: Jan Christian Jerving

Etter det NRK kjenner til skal Khan fiske i Lærdalselvi. Han og familien skal vere i Lærdal i eit par dagar. Dei skal og få ei privat omvising på Norsk Villakssenter, og har blitt synt rundt i Lærdal i ein Rover 1952-modell for å sjå attraksjonane i Lærdal.

Khan er pakistansk-amerikansk. Han er nummer 349 på lista over dei rikaste i verda, og den rikaste personen med pakistansk avstamming. Han skal rundt rekna ha ei formue på 53 milliardar dollar.

Båten hans er 312 fot lang og vart bygd i 2014 på verftet Lürssen i Bremen-Vegesack i Tyskland. Båten kosta 1,6 milliardar kroner (med dagens valutakurs). Khan leiger den ut når han ikkje brukar den sjølv. Då er prisen vel 11 millionar kroner i veka, ifylgje Daily Mail.

I tillegg til Fulham FC eig Khan også eit lag i amerikansk NFL-fotball, the Jacksonville Jaguars.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser