NRK Meny
Normal

Her har det skjedd ein liteN glipp...

Raudt og fint lyser det nye stadiondekket opp i Vik. Men for dei som ser litt ekstra godt etter ser dei at det har gått litt fort i svingane då namnet skulle på...

Nye Vik stadion, med bokstavfeil

NORSK ATTRAKSJON: Om stadionnamnet blir ståande kan det kanskje få ein plass i neste sesong av Norsk Attraksjon?

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Ha, ha, ha, ler leiar i Vik idrettslag, Anne Jorunn Fjærestad, då ho blir gjort merksam på den vesle skriveleifen onsdag føremiddag.

Ho var sjølv ikkje klar over at Vik stadion var skriven med spegelvendt N på slutten.

– Men dette er ikkje noko krise, seier ho.

– Men det er gjerne ikkje så lett å gjere noko med, legg ho spørjande til.

Måtte riste på hovudet

Akkurat det kan heller ikkje teknisk sjef i kommunen, Arne Hønsi svare på enno. Han fortel at han oppdaga feilen på måndag, like etter at stadionnamnet kom på.

– Er dette krise?

– Nei, det er ikkje noko krise. Men i utgangspunktet vil vi ha det rett, så vi kjem til å ta kontakt med leverandøren, seier han.

– Kva tenkte du då du oppdaga det?

– Då rista eg litt på hovudet, vedgår han lattermild.

Bokstavfeil på nye Vik stadion

GLIPP: Den siste bokstaven har blitt spegelvendt.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Ein «øye» bra stadion

Om den vesle skriveleifen vil gje Vik stadion ekstra merksemd er det ingen som kan svare på enno. Men merksemd bør iallfall stadionanlegget få, meiner Hønsi. Han gler seg over det dei har fått til.

– Det er eiy «øye» bra stadion, den tilfredsstiller alle krav, seier han.

Hønsi seier dei håpar eit splitter ny stadion kan vere med på å blåse liv i friidrettsmiljøet i kommunen.

– Vik har gamle og sterke tradisjonar med friidrett, og no er forholda lagt godt til rette, seier Hønsi.

Dei vil no ta kontakt med leverandøren av stadiondekket for å finne ut om skrivefeilen kan rettast opp utan at dekket tek skade.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med leverandøren i dag.

Nye Vik stadion

NYTT STADION: Alt ligg til rette for at friidretten kan blomstre i Vik når det nye stadionet no står klart.

Foto: Odd Inge Gjeraker
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.