Fjellovergangen er no stengt etter snøfall

På Sognefjellet er brøytebilane no i full gong. Snøfallet i ettermiddag kom som lyn frå klår himmel på brøytemannskapet.

Snøfall på Sognefjellet

KVITT: Dette bilete er teke frå Sognefjellshytta i ettermiddag. Snøen har lagt seg, og folk som har tenkt seg over fjellet bør i alle fall vere godt skodde.

Foto: Sognefjellshytta

– No har vi stengt fjellovergangen. Det var skikkeleg ruske der oppe no og veldig dårleg sikt. Så då var det ikkje anna å gjere enn å stengje, opplyser Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Vegen vil vere stengt inntil vidare. Erikstad veit ikkje kor lenge det vil vere, men legg til at det nok er få som har lagt om til vinterdekk og som difor er skodde til å køyre over fjellet i dette vêret. Han frårår å køyre over fjellet utan vinterdekk no.

– Brøytebilane er kome på plass og starta brøytinga. Det skal vere ein del bilar der som har kome ut av vegen på glatta og nokre står fast,

Fleire bilar skal ha stoppa opp då dei ikkje har tort å køyre vidare.

– Det kom litt brått på. Men det var meldt plussgrader ned mot null, så då kan det jo fort kome snø.

Ein prøver no å få dei bilane som står fas, t eller har sklidd ut av vegbana, på rett kjøl att før ein gjer seg ferdig med brøytinga.

Brøytebilsjåfør Terje Weka er på veg opp for å hjelpe til med brøytinga og seier dei ikkje var heilt budde på vêret som kom.

– Vi var oppe tidlegare i dag og då såg det greitt ut. Så snøen kom som lyn frå klår himmel på oss.

FLEIRE TRAFIKKOPPDATERINGAR FINN DU HER