NRK Meny
Normal

Her har det ikkje regna meir sidan 1970

På Takle i Gulen har dei hatt den våtaste sommaren på 46 år.

Jon Takle

VÅTAST: I juli har det vore fleire millimeter nedbør å telje opp på Takle enn nokon annan stad i fylket.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dei har hatt 261,5 millimeter nedbør i juli. Noko som er betydeleg meir enn normalen og av dei absolutt våtaste i fylket, seier meteorolog Mette Skjerdal ved vêrvarslinga på Vestlandet.

Mette Sundvor Skjerdal

FRAMLEIS GRÅTT: Mette Skjerdal trur starten på august vil bli ganske lik slutten på juli vêrmessig.

Foto: Pressefoto

Trass ein regntung juli, er det langt opp til regnrekorden på Takle. Den er på heile 517 millimeter.

Skjerdal fortel at årets notering kjem på ein femteplass, og at ein må langt tilbake i tid for å finne dei aller våtaste julimånadane i bygda.

– Vi har hatt målingar i Takle sidan 1950, og rekorden er frå 1964. Det var og våtare enn i år seint på 60-talet, i 67, 69 og 70, så ein må gå ganske langt tilbake før ein finn ein våtare sommar.

Regntung Vadheim

REGNTUNGT FYLKE: Trass at det ikkje ser ut til å bli nokon rekordmånad, har det likevel vore ein regntung månad med meir nedbør enn gjennomsnittet. Her frå ein grå torsdag i Vadheim.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Over gjennomsnittet

Også andre stader i fylket har fått ein noko våt sommar, og mange stader har det vore betydeleg våtare enn gjennomsnittet for juli. Sjølv om ingen av dei heilt kan måle seg med Takle.

– Førde har hatt 162,6 millimeter, noko som er ein del høgare enn normalverdiane. Elles er det mange som ligg i underkant av 100 millimeter regn, noko som framleis er meir enn normalt mange stader. Så det har regna godt, seier Skjerdal.

Noko varmare

Etter at mange stader fekk ein fantastisk start på sommaren, har resten av sommaren blitt heller grå.

Generelt har vêret vore betre i innlandet enn langs kysten, og trass ein våt og sur sommar har gradestokken vist temperaturar rundt snittet.

Skjerdal avslører at det gjer årets utgåve til ein varm juli.

– Dei fleste stader har det vore akkurat rundt snittet, så er det nokon stader det har vore litt varmare. Vi har ingen stader under normaltemperaturen, så slik sett har det faktisk vore over gjennomsnittet varmt. Sjølv om det kanskje ikkje har vore så lett å merke det, og så har vi hatt nokre fine dagar innimellom.

Ingen godvêrsperiode

Måndag er juli over og august tek til, men ny månad betyr ikkje nødvendigvis nytt vêr. Skjerdal trur det kan betre seg noko mot slutten av neste veke, men kan ikkje love nokon ny godvêrsperiode.

– Dessverre ser det ut til at iallfall helga og starten på neste veke blir prega av grått vêr, og temperaturane ser ikkje ut til å bli så veldig høge. Utover i veka kan vi kanskje sjå litt betring, men då startar prognosane å bli usikre. Kanskje kan vi få litt fint vêr innimellom, men truleg ingen langvaring periode slik folk ønskjer seg.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser