Her har dei vore utan internett og fasttelefon ei veke

Ved Rand skule og barnehage i Stryn har dei vore utan både fasttelefon og internettforbindelse sidan førre onsdag. Det likar rektor Wenche Blaalid dårleg.

Rand skule og barnehage

UTAN KONTAKT: Ved Rand skule og barnehage har dei mangla fasttelefon og internett i nær ei veke.

Foto: privat

– Det er klart at det ikkje er nokon enkel situasjon når det gjeld dei administrative oppgåvene tinga vi skal gjere på skulen. Vi må nok leggje ein del ting på vent, men samstundes vil eg påstå at vi har greidd oss ganske bra med tanke på at vi lever i 2014, og stort sett er avhengige av både internett og telefon, seier Blaalid.

Ho er glad for at dei fleste i dag har mobiltelefon, elles ville det vore langt verre at skulen og barnehagen har vore utan fasttelefon i same tidsrommet.

– Heldigvis får vi seie, så har dei fleste i dag også mobiltelefon. Det vi har gjort i dette tilfellet er at eg har sendt ut e-post til foreldra, som har tilgang på e-post, for det er ikkje berre skulen som er råka. I e-posten er det informasjon om korleis føresette kan kome i kontakt med kontaktlærarar og meg som rektor. Vi har og ein mobiltelefon som vanlegvis er brukt som barnehagetelefon, seier Blaalid.

Har teke ting som det har komme

Ho understrekar at sjølv om elevane har måtte klare seg utan internett, så har det ikkje gått ut over undervisninga i særleg grad.

– Vi har lagt vekk teknologien inntil vidare, og henta fram dei gode, gamle lærebøkene. Vi er ein todelt skule med elevar frå 1. til sjuande trinn. Det har ikkje vore noko problem så langt. Internettbruken hjå oss er utgangspunktet lærarstyrt og elevane tek ting som det kjem. Og det er dei flinke til ute på Hopland og i Randabygda, seier Blaalid.

Rektor ved Rand skule og barnehage, Wenche Blaalid

HAR GÅTT GREITT: Rektor ved Rand skule og barnehage, Wenche Blaalid, fortel at sidan dei fleste har privat mobiltelefon, har det gått greitt i den daglege drifta.

Foto: privat

Ho peikar på at ho for sin eigen del er glad for at ho har tilgang til internett heime, for å få gjort naudsynte oppgåver.

– Eg har heimekontorløysing som gjer at eg kan kople meg opp på e-post og anna eg treng når eg kjem inn att til Stryn. Så heilt krise er det ikkje, understrekar ho.

Må leggje sjøkabel

Det er praktiske årsaker til at det har teke tid for Telenor å få utbetra feilen som er årsaka til at internett og fasttelefon er ute.

– Etter det eg har forstått så er grunnen til at det tek så langt tid at båten dei treng for ordne sjøkabelen er oppteken ein anna stad. Eg har forstått at nett og telefon skal vere på plass til fredag. Men eg tar ingenting for gitt, seier Blaalid.

Informasjonssjef i Telenor, Per Arild Meling, beklagar at det har teke så lang tid å få ting i orden.

– Det er beklageleg at vi ikkje har klart å få opp kabelen til no. Vi må leggje ein sjøkabel inn mot Stryn. Då må vi ha eit kabelskip, men det er for tida i bruk ved Leikanger, for der har vi hatt brot på to kablar på grunn av eit undersjøisk ras, seier Meling.

Etter planen skal båten komme til Stryn torsdag.

– Eg er blitt lova at arbeidet med sjøkabelen i Stryn skal gjerast fredag. Vi håpar ting skal vere i orden i løpet av den dagen, seier Meling.

Kan søkje om å få refundert kostnadar

– Men kunne ein ikkje gjort mellombelse utbetringar som kunne sikra dei nettilgang?

– Vi har sett på alternativ og reserveløysingar men vi har diverre ikkje funne løysingar for det, seier Meling.

– Kva vil dette kunne få å seie for kundane til Telenor, som ikkje har kunne bruke verken telefon eller internett på ei veke?

– Kundane har moglegheit til å søkje om og få refundert blant anna månadsavgifta. Dei må då ta kontakt med reklamasjonsavdelinga på vår kundeservice. Alle slike søknader blir handsama individuelt, seier Meling.

– Men godt over ei veke, det er svært lang behandlingstid?

– Ja, men hadde vi ikkje fått dette undersjøiske raset ved Leikanger, som tok to kablar, så skulle vi nok ha klart å fått på plass fiber i fjorden i Stryn måndag eller tysdag denne veka. Men no blei kabelbrotet ved Leikanger prioritert først og så går kabelskipet til Stryn etterpå, seier Meling.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.