Her har dei under halvparten så mykje fråvær som elevane i nord

FØRDE/OSLO/ALTA (NRK): Dobbelt så mange 10.-klassingar i Finnmark er vekke frå skulen i over tre veker kvart år, samanlikna med Sogn og Fjordane. – Alvorleg, seier kunnskapsministeren.

Elevar og rektor ved Førde ungdomsskule, lågt fråvær

TRIVSEL: 10.-klassingar i Sogn og Fjordane er dei som har minst fråvær av alle 10.-klassingane. Rektor, Hallgeir Hamre, meiner sterkt fokus på trivsel er suksessoppskrifta.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det som er oppsiktsvekkande er at det er så stor forskjell mellom fylka. Eg kjem til å be Utdanningsdirektoratet om å finne ut kvifor det er sånn, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

I dag publiserte Utdanningsdirektoratet for første gong fråværsstatistikk for 10.-klasse på grunnskulen. Den viser at 10.-klassingar i gjennomsnitt har seks dagar og fem timar fråvær frå skulen, men det er store forskjellar frå fylke til fylke (sjå tabell lengre nede i saka).

Fokus på trivsel

Sogn og Fjordane er best i landet. Der er éin av ti av elevane vekke i over 15 dagar.

– Vi jobbar mykje med å få ned fråværet, så det er gledeleg at vi lukkast. For vår del er det to faktorar som er viktige. Det eine er trivsel og det andre er eit godt samarbeid med foreldra, seier Hallgeir Hamre som er rektor ved ein av dei største skulane i fylket, Førde ungdomsskule.

Elevar og rektor ved Førde ungdomsskule, lågt fråvær

NØGD: Rektor Hallgeir Hamre, (t.v.) og 10.-klassingane Liva Mundal Kråkås og Nikolai Helgås Helleseth ved Førde ungdomsskule.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Eitt av tiltaka er eigne elevmentorar. Det er fire personar i kvar klasse som har eit ekstra ansvar for å skape betre trivsel blant medelevane.

– Når det kjem nye 8.-klassingar tek vi ekstra godt imot dei, og så arrangerer vi forskjellige sosiale aktivitetar i friminutta, som til dømes dansing og spel, seier Liva Mundal Kråkås og Nikolai Helgås Helleseth.

Verst i nord

På den andre sida av skalaen ligg elevane i Finnmark. Der er nær ein av fire vekke frå skulen i over 15 dagar kvart år.

– Eg tenker at kulturen i Finnmark har vore slik at ein ikkje treng utdanning for å få seg jobb. På kysten der eg kjem ifrå kunne ein jobba i fisket og her i Alta fekk ein jobb i anleggsbransjen, seier Toril Mjøen som er sosiallærar ved Tverrelvdalen skule i Alta.

– For å få seg arbeid i dag må ein unngå høgt fråvær. Her hos oss er ikkje fråvær eit stort problem og om elevane ikkje er her 15 minutt etter at skulen har starta ringer eg både dei og foreldra, seier kontaktlærar for 10.-klasse, Ida Benedikte Dale.

Regjeringssituasjonen

BEKYMRA: Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) er ikkje nøgd med at statistikken viser at nær ein av seks i 10.-klasse er vekke i meir enn tre heile skuleveker kvart år. Han varslar tiltak for å få ned fråværet,

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

60.000 elevar på 10. trinn er sjekka og på landsbasis har over 14,5 prosent av elevane over 15 dagar fråvær. Av desse er det 4 prosent som er vekke i over 30 dagar, som utgjer over halvannan månad.

– Det er alvorleg at så mange ungdommar er så mykje vekke. Elevar som har mykje fråvær i grunnskulen har det same på vidaregåande og då er vegen til å droppe ut kort, seier kunnskapsministeren.

  • Fylkesoversikten NRK har fått tilgang på manglar tal frå nokre fylker.

Fravær i 10.-klasse – fylkesoversikt

Fraværsdager 10. klasse. Antall elever og prosentandel. Fylker, 2017-18

0-15 dager –

>15 dager

0-15 dager

Over 15 dager

Antall elever

Antall elever

Prosent

Prosent

Akershus

6626

1070

86.1

13.9

Aust-Agder

1139

204

84.8

15.2

Buskerud

2783

437

86.4

13.6

Finnmark

748

222

77.1

22.9

Hedmark

1833

316

85.3

14.7

Hordaland

4893

1086

81.8

18.2

Møre og Romsdal

2800

403

87.4

12.6

Nordland

2393

452

84.1

15.9

Oppland

1958

262

88.2

11.8

Oslo

4644

952

83

17

Rogaland

5022

689

87.9

12.1

Sogn og Fjordane

1138

128

89.9

10.1

Telemark

1721

243

87.6

12.4

Troms

1553

330

82.5

17.5

Trøndelag

4459

724

86,0

14,0

Vest-Agder

1935

283

87,2

12,8

Vestfold

2404

404

85,6

14,4

Østfold

3038

514

85,5

14,5

Nasjonalt

51086

8719

85,4

14,6