– Å bli invitert til Årdal på 1. mai er som å bli invitert til Eidsvoll på 17. mai

I industribygda Høyanger nøyer dei seg ikkje med berre eitt arrangement 1. mai. Her går det heile tre tog gjennom gatene i løpet av dagen. I Årdal var Anniken Huitfeldt hovudtalar.

1. mai i Høyanger

BARNETOGET: Det er stort oppmøte i alle dei tre toga i Høyanger 1. mai.

Foto: Arvid Fimreite / Ytre Sogn

I Høyanger starta dagen med flaggheising og morgontog i dag tidleg. Litt seinare var det barnetog etterfølgt av kaffi og kaker. På ettermiddagen gjekk hovudtoget gjennom gatene.

Einar Rysjedal som er sekretær i LO Ytre Sogn og leiar i Raudt i Høyanger, seier oppslutnaden er stor.

– Det ligg naturleg for oss å markere fagrørsla sine krav ovanfor myndigheitene og for å vise solidaritet med andre i verda. Når vi får ein slik god oppslutnad, er det både kjekt og viktig. Opp gjennom åra har vi hatt mange gode og krasse talar og appellar, seier han.

1. mai er ein internasjonal demonstrasjonsdag for arbeidarrørsla og har lange tradisjonar.

– Eg trur 1. mai blir viktigare og viktigare når vi har ei mørkeblå regjering. Folk vil vise fram kva dei meiner, og det er ei plikt for fagrørsla å stille opp, meiner Rysjedal.

Stort oppmøte også i Årdal

I ei anna industribygd, Årdal i Sogn, var det også mange som tok turen ut i gatene for å gå i tog og høyra på talar. Blant talarane var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Anniken Huitfeldt.

– Det er stort oppmøte i Årdal og det å bli invitert hit, er omtrent som å bli invitert til å tale på Eidsvoll 17. mai. Identiteten til arbeidarrørsla ligg sterkt her i Årdal, seier ho til NRK.

Anniken Huitfeldt i Årdal på 1. mai

PÅ TALARSTOLEN: Anniken Huitfeldt (Ap) heldt fleire talar i Årdal under 1. mai markeringa.

Foto: Synne Asheim Haga / Porten.no

– Kvifor er 1. mai viktig?

– Eg meiner at eit organisert arbeidsliv er kjernen i den norske velferdsmodellen. Dei som påstår at mellombelse tilsettingar og såkalla kontraktar utan løn mellom oppdrag er moderne, dei tek feil. I framtidas arbeidsliv treng vi meir, ikkje mindre tryggleik. Det er ikkje slik at vi blir meir effektive av å vere utrygge på jobb, seier Huitfeldt.

«Begrens krafteksport og nettleiga – bruk krafta her»

I år hadde dei 12 ulike parolar i toget i Høyanger, med tema som sjukelønsordninga, nei til privatisering og at det ikkje skal vere amerikanske militærbasar i Norge i fredstida.

– Hovudparolen blir den same som vi har hatt sidan 2014: «Begrens krafteksport og nettleiga – bruk krafta her». Dette er ei gammal og viktig sak. Vi held fram kampen, og det er ei oppfølging av striden i vinter knytt til Acer-saka, seier Rysjedal i Høyanger.

Etter hovudtoget i ettermiddag, var det tale av Johnny Håvik som er spesialrådgjevar i forbundet Industri Energi og leiar Hege Terese Olsen i Fagforbundet i Årdal heldt appell.

Det var 1. mai-arrangement mange stadar i Sogn og Fjordane og også i resten av landet.

Feirar du 1. mai? Merk gjerne bileta dine med #nrksf eller send dei til sf@nrk.no

1. mai i Høyanger
Foto: Vidar Gudvangen / NRK