NRK Meny
Normal

Her har dei nettopp gifta seg – 2092 moh.

For nokre er kjærleiken til snødekte fjell og vidder ekstra stor. Då Bernt Aleksander Elle (35) og Gry Anita Sviggum (36) skulle gje kvarandre sitt ja, gjorde dei det på jomfruturen til ein ny fjelltopp.

Bernt Aleksander Elle og Gry Beate Sviggum gifta seg 2092 meter over havet

BYTA UT TYLL MED ULL: Både brudeparet, Bernt Aleksander Elle og Gry Anita Sviggum, og dommaren Knut Broberg, hadde bytta ut dress og brudekjole med ull inst og goretex utanpå. Men dommar Knut Broberg hadde som ein ser på bilete på seg dommarkappa under sjølve seremonien.

Foto: Privat

– Vi har vore i lag i 17 år og har fire ungar, så då var det på tide, flirer dei nygifte når dei skal fortelje om det spesielle giftarmålet.

Kjærasteparet frå Gaupne deler lidenskapen til fjellet, og med randonee-ski på beina er dei mykje på tur. Då dei bestemte seg for å gifte seg vart det liksom naturleg at også det skulle skje utandørs.

– Og så hadde vi lyst til å gjere det over 2000 meter over havet, fortel dei to.

Ingen fekk vite noko

Bernt Aleksander Elle og Gry Anita Sviggum

BRUDEPAR: Bernt Aleksander Elle og Gry Anita Sviggum fekk knipsa dette bilete i løpet av turen.

Foto: privat

Valet på fjelltopp fall til slutt på Veslbreatind, eit fjell som ligg mellom Breidsæterdalen og Leirdal i Lom. Toppen ligg 2092 meter over havet, og var med det godkjent etter paret sin standard.

Ein dommar vart kontakta, og forlovarane informert om planane. Dei fire barna, Sander (14), Thea (11), Kaia (8) og Sarah (4) og resten av familiane deira fekk ikkje vite noko.

– Vi hadde lyst å gjere det hemmeleg, så det var ingen andre som visste det.

– Kvifor akkurat den toppen?

– Det var fordi vi skulle ha med oss dei vi skulle. Då måtte det vere ein grei topp, slik at det ikkje var for røft å kome seg opp og ned, humrar det ferske ekteparet.

Onsdag morgon møtte brudeparet forlovarane, dommaren og ein guide ved Krossbu. Som brudepar flest var også Elle og Sviggum spente på vêret.

– Vi såg at skyene låg ned på toppane, men det var ikkje så gale. Vi fekk på oss tryggleiksutstyr og byrja gå.

Brudefølgjet på veg opp på Veslbreatind

PÅ VEG OPP: I starten såg ikkje vêret ut til å bli så ille, men etter at dette bilete var teke tok vinden seg opp.

Foto: Privat

Sa ja midt i snøføyka

Medan andre brudepar gjerne kjenner på krisestemning om sola manglar, var det fint lite som kunne stoppe dei to sogningane.

– Etter kvart kom skodda sigande, og det vart snøvêr og full pakke.

– Tenkte de på å snu?

– Så lenge guiden synest det var trygt, var vi avslappa til det.

På toppen stod snøføyka rundt dei, men Sviggum sin forlovar fekk framført songen som var planlagt. Medan naturkreftene piska rundt dei fekk paret sagt ja på dei rette plassane.

– Så måtte vi av med vottane for å setje på ringane, det var litt kaldt. Men det var ein fantastisk dag. Det hadde vore fint med flott vêr, men det vart veldig spesielt med det vêret vi fekk.

– Seier det noko om kor sterk kjærleiken dykkar er, at de gifta dykk uansett vêr?

– He, he, he. Ja, det skulle skje. Vi måtte berre ta det vêret vi fekk, flirer brudgommen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.