Hopp til innhold

Her har dei knust alle rekordar i haust

STRYN (NRK): Verksemda Pretre i Stryn har gått frå to mann og eit sagbruk i 1976 til å bli landets største produsent av takstolar. I haust har dei knust alle rekordar.

Pretre

MILEPÆL: Over 150.000 takstolar vert laga i Pretre sine fire fabrikkar kvart år. I 2015 vil verksemda i Stryn for første gang passere 200 millionar kroner i omsetning.

Foto: Silje Guddal / NRK

– No i haust har det gått slag i slag. Vi set rekordar stadig vekk, både på vekes- og månadsproduksjon. Vi har over 20 prosent auke i omsetnaden i høve til i fjor, seier fabrikksjef Gunnar Svarstad.

Når NRK besøkjer fabrikklokala på Langesethøgda i Stryn, er eit 20-tals tilsette i sving. Det er langt fleire enn då verksemda såg dagens lys i 1976.

Frå lokalt sagbruk til landets største

I 1976 var Gunnar Svarstad ung og lovande, som han sjølv uttrykkjer det. Men kva skulle den heimflytta stryningen på 19 år ta seg til?

– Eg og naboen, Kåre Svarstad, hadde eit møte med Distriktenes utbyggingsfond. Då kom vi fram til at takstolar var noko vi kunne starte med, forklarar Gunnar Svarstad.

Frå før hadde Svarstad og Svarstad eit sagbruk dei kunne dra nytte av.

– Min første arbeidsdag henta eg skog som stod rett ved sagbruket og køyrde det til saga med hest, mimrar Svarstad.

Gunnar Svarstad

STARTA MED EIT SAGBRUK: Fabrikksjef Gunnar Svarstad starta Pretre, den gang Svarstad Bygg, i 1976. I år har dei sletta mange rekordar.

Foto: Silje Guddal / NRK

I dag lagar Pretre takstolar, bjelkelag og mykje anna, til hus, hytter, garasjar, landsbruks- og industribygg over heile landet.

I tillegg til lokala i Stryn har verksemda fabrikkar i Gausdal, Steinkjer og Tvedestrand, med til saman nær 100 tilsette.

Mykje kake i haust

Kvar dag vert fem lastebilar lasta med takstolar og anna og køyrd vekk frå fabrikklokala på Langesethøgda. I år vil Pretre for første gang runde 200 millionar kroner i omsetnad.

Pretre

TAKSTOLAR: Verksemda leverer takstolar til mellom anna hus, hytter, garasjar, landbruksbygg, tunnel- og brukonstruksjonar.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Årsomsetninga i 2015 vert godt over 200 millionar kroner. Det er vi veldig fornøgde meg, smiler Svarstad.

– Med så mange rekordar å feire, begynner du å bli lei marsipankake i lunsjen?

– Vel, eg et ikkje så mykje kake, men eg ser no at det er folk som set pris på det. Det er viktig å markere sånne rekordar, seier fabrikksjefen.