Hopp til innhold

Her har dei klart å knekke kvinne-koden som kan sikre fleire fødande kvinner

SOGNDAL (NRK): Fødselstala har aldri vore lågare i Noreg og mange stader går talet på kvinner i fødeklar alder kraftig ned. Men i Sogndal har dei klart å knekke koden. Her er andelen unge kvinner like høgt som i hovudstaden.

Sogndal sentrum

VIL VEKSE: Sogndal er ein av kommunen der folketalet vil auke framover,

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Sogndal har dei den høgaste andelen kvinner i alderen frå 20 til 39, i fylket. Dei utgjer 30 prosent av kvinnene i kommunen, ein like stor andel som i Oslo – og høgare enn i til dømes Bergen.

Med mange unge kvinner er det også håp for at fødselstala og dermed folketalet vil auke.

Heilt i landstoppen

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det på landsbasis er fem prosent færre kvinner enn menn i aldersgruppa 20 til 39 år, men tala syner at dette varierer stort mellom norske kommunar.

Kultur- og samfunnsforskar Georg Arnestad meiner ein høg prosentdel kvinner i alderen 20–39 år, er viktig for samfunnsutviklinga og folketalet.

– Sogndal er heilt i landstoppen for den gruppa som kan føde barn.

Han trur Sogndal har arbeidsplassar som lokkar unge folk hit.

– Det har samanheng med den type arbeidsplassar som er utvikla, til dømes ved campusen. Desse er attraktive både for unge menn og kvinner.

Over heile landet går fødselstala ned og 2017 blei det fødd 56.600 barn i Noreg. Det gir eit fruktbarheitstal på 1,62 barn per kvinne, noko som er det lågaste talet som nokon gong målt her i landet.

Georg Arnestad

FORSKAR: Georg Arnestad jobbar ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Roy Sunde

Vil falle dramatisk

Forskar i samfunnsmedisin, Hans Johan Breidablik, slår fast det er tre element som er viktige framover.

– Det er at folketalet ikkje veks eller går ned. Det andre er at det blir fødd færre barn og det tredje er at befolkninga blir eldre. Summen av dette er at vi risikerer å døy ut, for å setje det på spissen.

Sogndal er ein av få kommunar som vil vere over landssnittet i forhold til ein såkalla bærekraftsbrøk fram mot 2040. Dette er forholdet mellom yrkesaktive mellom 18–67 år og talet på pensjonistar.

– Dette vil falle dramatisk i heile landet, og spesielt i Sogn og Fjordane.

Sogndal er ein dei kommunane der det er venta vekst i folketalet, ifølgje Hans Johan Breidablik ved Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane.

– Mange kommunar vil stagnere eller gå tilbake. I Sogndal er det mellom anna ein del studentar som vel å bli att for å jobbe.