NRK Meny
Normal

Mange ber til høgare makter om meir snø - her har dei for augneblinken meir enn nok...

Medan mange kryssar fingre og tær for meir snø, har arrangørane av Fjellsportfestivalen i Sogndal det heilt perfekt.

Perfekte forhold for Fjellsportfestivalen i Sogndal

PERFEKTE FORHOLD: I Sogndalsdalen er det perfekte snøforhold denne veka. Her frå Sogndal skisenter, Hodlekve. FOTO: Karl Kristian Langeland.

– Det er strålande snøforhold her nett no. Vi har ikkje lyst på så veldig masse meir akkurat no, for då kan det bli skredfare. Så dette er perfekt for oss, seier Tor Yttri.

Han er styreleiar i Bratt Moro som også i år arrangerer Fjellsportfestivalen i fjella rundt Sogndal. Her handlar det om bratt moro i snø og is, og gode snøforhold er alfa omega om festivalen skal gå som planlagt.

– Vi er strålande nøgde med den snøen vi har fått. Den er lett og fin og perfekt å køyre på ski på, seier Yttri til NRK.no.

Budd på storinntrykk

Og det er ikkje utan grunn at han gler seg litt ekstra over dei fine forholda. I eit fylke der mangelen på snø nesten har fått folk til å gå ut av sitt gode skinn i vinter, er det mange som gliser litt ekstra når dei ser dei fine forholda i Sogndalsdalen.

På Markane i Stryn er det så lite snø at Hovudlandsrennet har blitt flytta ut av fylket, men i Sogndal er det altså slett ikkje slik.

På Sogndal skisenter Hodlekve er det nemleg yrande liv midt i vinterferieveka, og når Fjellsportfestivalen startar torsdag er det venta storinntrykk av endå fleire.

– Vi er veldig klare for å få besøk av masse folk, seier dagleg leiar ved skisenteret, Cecilie Grendahl.

(Artikkelen held fram under)

Tor Yttri og Cecilie Grendahl

GLER SEG: Tor Yttri og Cecilie Grendahl gler seg begge til mykje folk i skibakkane i Sogndalsdalen denne veka.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Ny heis opnar for nye moglegheiter

Skisenteret opna nyleg ein ny heis til Rindabotnen, og den opnar opp for nye moglegheiter for dei som er glade i å stå på ski.

– Vi håpar at vi endeleg kan få litt besøk i den nye heisen vår. Der er det både snøsikkert og godt preparert, lovar senterleiaren.

Med den nye heisen kan skisenteret opne opp for skiglade langt tidlegare på året, og Grendahl er heilt trygg på at investeringane vil svare seg.

– Denne heisen gir også eit godt utgangspunkt for toppturar for dei som ønskjer å ta seg ut på fjellet, seier ho.

Også Tor Yttri set pris på nye tilbod i skisenteret.

– Vi seier alltid at vi har den beste snøen, og det lovar vi framleis. I tillegg gjer heisen i Rindabotnen til at vi kan utvikle festivalen endå meir og ta nye steg, så vi gler oss til årets festival, seier han.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.