NRK Meny
Normal

Her har dei blåse nytt liv i gamal landhandel

I Lærdal er det på nytt lys i lokalet som husa landhandelen for fleire år sidan. Her fyller lokal mat frå Sogn og Fjordane hyllene.

Smak av Sogn

POPULÆRT MOLTESYLTETØY: Turistane har fått smaken på den lokale moltesyltetøyet. Kundane møter Johanne Heien bak disken.

Foto: Mariell Øyre

Den nyskipa butikken ligg blant 170 verna trebygningar i gamle Lærdalsøyri. Lokalet var tidlegare ein landhandel fram til 1968.

– Vi skal teste korleis dette går. Lokalet var ledig, så då måtte vi hive oss rundt, seier Helene Maristuen, som er styreleiar i Smak av Sogn.

Inne i det nostalgiske lokalet er hyllene fulle av lokalproduserte varer, som alt frå ost til grønsaker. Her finn ein smakar frå heile Sogn og Fjordane. Lokale produsentar som Haugen Gardsmat, Balholm og Undredal er representert.

I butikken er det ein kjøpmannsdisk i solid tre og gamle reklameplakatar som tar dei besøkande tilbake til ei svunnen tid.

– Kunden til lokalmat er nostalgisk og likar sånne omgjevnader. Vi ser for oss at både lokalbefolkning og turistar vil komme innom.

Under opninga var det spesielt eitt produkt som fekk turistane til å juble.

– Turistane var veldig opptatt av moltesyltetøy, for det finn ein jo berre i Skandinavia. Elles var frosne bringebær ein slager under opninga, ler Maristuen.

Helene Maristuen

NYTT LIV I GAMAL LANDHANDEL: Helene Maristuen i Smak av Sogn har blåse nytt liv i ein av dei gamle landhandlane på gamle Lærdalsøyri.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Testar ut konseptet gjennom sommaren

Smak av Sogn og Lærdal Grønt vil etablere seg på Håbakken, med blant anna utsal av lokale matvarer, men det kan ta fleire år før planane kan bli sett i verk. Det er heller ikkje alle som ynskjer den etableringa velkomen, meiner Maristuen:

– Nokre meiner at det kan vere negativt for sentrum. Difor vil vi teste ut ein dialog mellom sentrum og Håbakken. Då falt valet på lokalet i gamle Lærdalsøyri.

Butikken er ei mellombels løysing fram til etter sommaren.

– Vi vil sjå korleis folk likar tilbodet. No i sommar har vi ope kvar dag fram til 20. august, så får vi sjå om det vert på helgebasis eller om vi kan ha ope heile året.

Gamle Lindstrømbui på gamle Lærdalsøyri

KRAMBU: Denne krambua husar landhandelen med lokalmat frå fylket.

Foto: Privat

– Vi må selje mange potetposar

Det er ikkje berre mat og drikke frå lokale produsentar ein kan finne i den gamle landhandelen. I den same bygning kjem turistkontoret i Lærdal.

– Det er med på å sikre drifta vår. For turistane så blir dette eit litt anna turistkontor enn kva dei er vande med.

I landhandelen finn ein no dei første tidlegpotetene frå Lærdal. Butikken avhengig av at folk kjøper produkta.

– Ein må jo få til eit økonomisk fundament, elles må ein legge ned. Vi må selje mange potetposar for å kunne ha folk i arbeid og betale husleige, men eg er sterk i trua, seier Maristuen.

Butikk

ALT FRÅ GRØNT TIL SYLTETØY: Turistane har allereie forelska seg i moltesyltetøyet.

Foto: Mariell Øyre
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.