Hopp til innhold

Her sette dei ny nedbørsrekord i vinter

– Har du følt det vått og grått no i vinter, så har du all grunn til å føle det, seier statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand.

Leikanger på Stadlandet

NY REKORD: Det har vore mildt og vått på Stadlandet i vinter. Faktisk den våtaste sidan målinga starta i 1924.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vinteren har vore mild og nedbørsrik over det ganske land. Fleire stader på Vestlandet sette nedbørsrekordar.

I snitt stod også kvikksølvet to-tre grader høgare enn normalen.

– Frå sørlege del av Møre og Romsdal til Rogaland har vintermånadane vore våte og gråe. Det har vore lågtrykk gjennom heile vinteren, oppsummerer Kjersti Opstad Strand.

Nedbørsrekordar

Kjersti Opstad Strand

METEOROLOG: Kjersti Opstad Strand seier vinterrapporten stadfestar at det har vore vått, grått og mildt i vinter.

Foto: Privat

Klimaavdelinga til Meteorologisk institutt har oppsummert vintermånadane desember, januar og februar. Fjorårets oppsummering viste den mildaste vinteren på 150 år. Då var det ikkje mykje nedbør å snakke om.

I år derimot ...

– Nedbøren har ligge mellom 50 og 90 prosent over normalen for perioden, seier Strand og legg til at både Førde og Stadlandet sette nedbørsrekordar denne vinteren.

Våtaste sidan 1924

På Stadlandet, som fekk målestasjon i 1924, har det kome 1052,6 millimeter nedbør. I hovudsak regn. Her må vi tilbake til 2007 for å finne førre rekord for perioden.

I Førde kom det 1191,8 millimeter nedbør frå desember til og med februar.

– I Førde starta målinga i 1993. Også her er det rekord. Førre gang vi var i nærleiken av dei verdiane var i 2005, seier Strand.

Må spekulere

NRK fortalde i går at Sogn og Fjordane opplevde ein svært våt februar. Til dømes kom det 202 prosent av normalen i Førde og 190 prosent av normalen i Svelgen.

– Vi har hatt meir lågtrykksaktivitet gjennom januar og februar, som tradisjonelt sett er meir stabil med kaldt og mindre skya vêr, seier Strand og må spekulere for å kunne forklare dette:

– Eg trur lågtrykksaktiviteten har halde seg så hissig, fordi havet har vore så varmt etter den varme sommaren i fjor.

Vil ikkje ha regntid

Så spørst det om vinteren speglar av kva sommar vi har i vente. Slik som i fjor. Nedbørsfattig vinter og vår gjekk etter kvart over til ein flott sommar.

– Det høyrest litt trist ut. I vêrvarslinga er det vanskeleg å dra slike konklusjonar frå vinter og vår til sommar. Eg håpar vi får ein ny fin sommar – og inga regntid, avsluttar Strand.