Hopp til innhold

Her har dei «kledd på» sykkelen, men det er ikkje på grunn av kulden...

Ruslar du i gatene i Florø ser du både syklar, gjerde og tre som er godt innpakka i strikka- og heklaklede. Ikkje for å markere sommarkulden, men for at du skal smile.

Strikkegeriljaen i Florø har smykka byen i handverk.

STUNT: Strikkestuntet har gitt friske fargar mange stadar i Florø. Foto/redigering: Truls Kleiven

– Responsen har vore overveldande. Vi håpte at det skulle få merksemd, men dette har vore heilt vilt, seier prosjektleiar i Byen Vår Florø, Barbro Furset.

Det som starta med ein vill idé for nokre år sidan, etter impulsar frå ei sak i utanlandsk media, har no resultert i maskefast realitet i Kystbyen.

Folk smiler rundt

Gelender, gjerde, lyktestolpar, tre, syklar og mykje anna har fått strikka- eller hekleklede i muntre, klare fargar. Og det gjer noko med folk.

– I går var det skikkeleg drittvêr. Likevel var gatene fulle av folk som smilte og lo, stoppa og tok bilete, peika og gliste. Det var så kjekt å sjå, seier Furset.

Ideen har Furset hatt i mange år, men ho var ei stund i stuss på om det var mogleg å rekruttere så mange som kunne leggje to (strikke-) pinnar i kors.

Men den uroa skulle syne seg å vere fullstendig vekkasta.

– Først snakka eg med ei som er skikkeleg tusenkunstnar med nål og tråd, og ho var med med ein gong, fortel Furset.

Med blomar på setet

KREATIVT: Mange forskjellige teknikkar er brukt i handarbeidet.

Foto: Barbro Furset

Gjekk rundt med måleband

Deretter laga ho ein sirleg prosjektplan på 13 sider, og tråla byen på kryss og tvers med måleband og blokk for å ta mål av stadane ho ville ha dekorert.

– Folk såg litt rart på meg, men det var viktig å ha ein skikkeleg plan, ler Furset.

I skjul vart det rekruttert til den hemmelege handarbeidsligaen, og folk fekk lese prosjektplanen og plukke noko dei kjende eit kall til å lage.

– Det synte seg at å rekruttere folk var det enklaste i verda. Eg har ikkje opplevd maken, seier Furset.

Sidan påske har det knirka i strikkepinnar og heklepinnar over det ganske Florø.

Brandsøy sin sykkel

GAMMAL TRAVAR: Denne sykkelen tilhøyrde Odd Brandsøy, den lengsitjande redaktøren i Firdaposten si historie. Han brukte denne sykkelen kvar dag når han sykla mellom Brandsøy og Florø.

Foto: Barbro Furset

Dekorerte sju syklar

I tillegg til faste installasjonar, har gruppa også dekorert sju syklar.

– Mellom anna er gamlesykkelen til Odd Brandsøy, den lengstsitjande redaktøren i Firdaposten, dekorert som seg hør og bør, seier Furset.

Tysdag kveld slo geriljagruppa til og monterte handverksarbeid i Florø by for harde livet.

– Det har vore vel 30 personar som har laga alt, og då vi kom til monteringa, melde det seg endå fleire som ville hjelpe. Dermed gjekk det heilt strålande, seier Furset.

Dei sju syklane er plasserte rundtom i Florø, og vert tekne inn kvar kveld.

– Elles er vi rett og slett litt redd for at nokon kanskje tek dei med seg, ler Furset.

Prosjektet er finansiert ved hjelp av ei moderat sum frå INU-midlar, samt restegarn frå her og der.

– Planen er at handarbeidet skal få hengje så lenge det toler det. Til glede og oppmuntring, seier Furset.

Har strikka i muntre fargar

LYSER OPP: Syklane er dekorerte i klare og sterke fargar.

Foto: Barbro Furnes