Hopp til innhold

Her har brørne gjort delikatessene til levebrød

Askvoll (NRK): Eit tvillingpar, ein draum og kjærleiken til kvalitetsmat og Vestlandet var alt som skulle til.

Brørne Eirik og Helge Loftheim driv Askvoll Sjømat og Delikatesser

HAR JUKSA LITT: Brørne Eirik og Helge Loftheim lever for å lage god mat.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– No er det appelsinmarmelade og tomat- og sitronmarmelade som er på kok.

Brørne Eirik og Helge Loftheim visar rundt i butikken som ein nesten skulle tru hadde passa betre på Karl Johan.

I det restaurerte huset på gamlekaia i Askvoll luktar det av alskens variantar av salt- og søtmat. Alt laga med stor kjærleik.

Då dei to brørne først utdanna seg til kokkar hadde dei nok ikkje sett føre seg at det var i heimbygda dei skulle skape livsverket sitt, men slik har det altså blitt.

– Det var kanskje ikkje det vi hadde tenkt i utgangspunktet. Men så kom moglegheita på denne eigedommen, og vi såg føre oss at det kunne bli ei delikatesseforretning. Då selde vi det vi hadde i Oslo og tok turen over fjellet.

Frå venstre: Eirik Loftheim, Inger Johanne Loftheim og Helge Loftheim

TREKLØVER: Frå venstre Eirik Loftheim, Inger Johanne Loftheim (kona til Helge) og Helge Loftheim. Dei tre jobbar fulle dagar for å gje askvollingane både bollar, brød, ferske salatar og middagsrettar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Går rett frå senga og på jobb

Eventyret med delikatessebutikken i den vesle kystkommunen starta for sju år sidan. Etter fleire år i Oslo flytta brørne heim og tok laust på prosjektet med liv og lyst.

Den eldste delen av huset er nesten 100 år gamalt, og her har det vore både bakeri og kolonial tidlegare.

– Då vi kjøpte det hadde huset stått tomt i mange år. Men vi hadde lyst å få tilbake matlukta her, på vår måte.

Litt etter litt har dei restaurert huset, og bygd kvar si leilegheit i etasjane over butikken. Slik kan dei gå nesten rett frå senga og til jobb. Der fyller dei dagane med å bake, koke og fylle opp diskane med heimelaga, lokal mat.

Bollar i lange baner på Askvoll Sjømat og Delikatesser

DELIKATESSER: Bollar i alle variantar er blant det dei kan by gjestene på.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kvar bolle tel

I fjor omsette Askvoll Sjømat og Delikatesser for 3,6 millionar kroner, men gjekk med eit ørlite underskot. Brørne har ikkje vore i tvil om at det er liv laga for ein slik butikk, sjølv i ein kommune med knappe 3000 innbyggjarar.

– Vi er glade vi ikkje visste alt då vi starta opp, flirer dei og held fram: Men vi har vore nøysame, og teke bit for bit og sørga for å ende på ein fin normal etter kvart. Vi lever godt av jobben vår.

I tillegg til dei to brørne jobbar kona til Helge, Inger Johanne, også fulltid i butikken. Tida fram mot jul er blant dei mest hektiske, og med små marginar er det om å gjere at det er akkurat nok mat i diskane til ei kvar tid.

– Når vi både eig og driv får vi ein veldig nærleik til drifta i forhold til blant anna svinn. Med ein liten butikk må vi passe oss, for om vi kastar mat kan det vere det økonomiske overskotet vi kastar.