Hopp til innhold

Her har breen trekt seg tilbake over 80 meter

JOSTEDALEN (NRK): Nigardsbreen i Jostedalen har trekt seg tilbake 81 meter denne sommaren. – Det gjer den potensielt endå farlegare, seier professor.

Ulukke ved Nigardsbreen

TURISTATTRAKSJON: Nigardsbreen er ein av dei mest besøkte breane i landet.

Foto: Marthe Gjerde

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi har gjort årlege målingar av Nigardsbreen dei siste 40 åra, og vi har aldri målt så stor tilbakegang som i år, seier Bjarne Kjøllmoen i NVE.

Frontmålinga av Nigardsbreen syner at den har trekt seg tilbake 81 meter denne sommaren.

Ifølgje Kjøllmoen er ikkje den varme sommaren hovudårsaka.

Bjarne Kjøllmoen

NVE: Bjarne Kjøllmoen er senioringeniør i NVE

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– At den går så mykje tilbake handlar om kva som har skjedd oppå breplatået dei siste tiåra. Det er eit resultat av mange år med meir smelting, enn tilførsel av snø.

Målingar som vart gjort på brearmen i august, viste at det hadde smelta bort eit åtte meter tjukt lag med is i løpet av den varme sommaren.

Kan bli farlegare

Nigardsbreen er ein av landets mest besøkte brearmar. I dag er den godt synleg frå vegen, men det kan endre seg.

– Trekker den seg så mykje tilbake kvart år, så vil den nedste delen av breen vere borte i løpet av fire-fem år, seier Kjøllmoen.

Atle Nesje er professor ved Universitetet i Bergen. Han følgjer med på fleire av brearmane til Jostedalsbreen og har sett at dei har smelta mykje denne sommaren.

– Eg frykta jo dei tala vi skulle få i haust, men at det skulle bli så mykje som over 80 meter det hadde eg ikkje sett for meg. Det er dramatisk og overraskande, seier Nesje.

I sommar omkom ein turist då han gjekk for nær Nigardsbreen, den kalva og han vart teke av elva. Nesje fryktar at den kraftige smeltinga vil gjere breen ennå farlegare.

– Ein del av desse brearmane er ganske farlege. Når dei smeltar tilbake og sprekk opp, blir dei potensielt ennå farlegare for dei som går for nær.

Alle breane i Noreg smeltar

NVE gjer målingar av isbrear over heile landet. Ei anna av breane som har minka mykje er Langfjordjøkulen i Finnmark. Denne har NVE gjort målingar av sidan 1989.

– Her har isen i gjennomsnitt minka 2,3 meter over heile breen. Det er faktisk berre eit år tidlegare som har hatt eit større tap, så dette er det nest største tapet på 30 år, seier Kjøllmoen.

NVE er ennå ikkje ferdig med analysane av alle bremålingane, men tendensen er likevel klar.

– Sannsynlegvis vil alle breane vi målar få eit underskot, det vil seie at dei minkar i masse.

I ein tidlegare versjon av denne nettsaka skreiv vi at breen hadde trekt seg tilbake 80 meter. Det rette talet er 81 meter.

Nigardsbreen

TILBAKE: Fronten på Nigardsbreen har smelta tilbake 80 meter denne sidan september i fjor.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK