Hopp til innhold

Her har breen smelta ti centimeter om dagen den siste veka

NIGARDSBREEN (NRK): Den siste veka har ein av landets mest besøkte isbrear smelta 10 centimeter i døgnet. Fortset det slik kan det bli rekordsmelting denne sommaren, ifølgje NVE.

Hallgeir Elvehøy

PÅ BREEN: Hallgeir Elvehøy noterer ned dei siste observasjonane frå arbeidsdagen på Nigardsbreen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Her har det smelta bort åtte meter is sidan midten av mai. På ein vanleg sesong smeltar det om lag ti meter, og vi har framleis igjen seks-åtte veker med smelting, forklarar Bjarne Kjøllmoen.

Saman med kollega Hallgeir Elvehøy er han på Nigardsbreen i Jostedalen. Dei sjekkar målestakane som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) bruker for å gjere målingar av breen.

Nigardsbreen

MINKAR: Det har smelta mykje is på Nigardsbreen denne sommaren

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

No har målestaken på Nigardsbreen smelta så mykje fram at det er naudsynt å flytte den.

– Dette er meir smelting enn på ein vanleg sesong per 1. august. Eg vil tippe vi hamnar på ein 12–13 meter smelting totalt denne sommaren, seier Kjøllmoen.

65 cm på éi veke

Ein sommar med tørke og høge temperaturar har gjort sitt på isbreane. NVE er også i gang med dei årlege målingane i Jotunheimen, der dei måler 10 isbreer og Juvfonne. Juvfonne har minka med kring 20 meter frå ifjor.

– På dei tre neste breane eg skal måle i Jotunheimen var det mindre snø enn normalt. Der må vi rekne med det har vore ei enda større smelting, seier isbreforskar Liss Marie Andreassen.

Hallgeir Elvehøy seier dei varme dagane tek på.

– Dette blir nok ein av dei hardaste somrane for breane, seier han.

Etter å ha sjekka stakane på Nigardsbreen, kunne NVE rekne seg fram til at det hadde smelta bort 65 centimeter is den siste veka.

– Det er nesten 10 centimeter i døgnet, som er noko over normalen, ifølgje Elvehøy.

NVE gjer målingar på Nigardsbreen

MÅLINGAR: Ein stake på seks meter skal syne kor mykje Nigardsbreen smeltar i august og september.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Kan bli all-time-high

Først i månadsskiftet september-oktober får ein ei endeleg oversikt over bresmeltinga.

– Då får vi det totale budsjettet for 2018 og den endelege rekneskapen for kor mykje breen har smelta i 2018, seier Kjøllmoen

– Er de spente på sluttresultatet?

– Ja, etter den varme sommaren fram til no, og om det fortset, så kan det bli ein all-time-high.

Har målt breen i 30 år

Dei to geologane har gjort målingar av Nigardsbreen i mange år. Kjøllmoen var der for første gong i 1987, så denne sommaren er han på breen for 31. gong. Han har sett breen vekse og trekke seg tilbake.

Bjarne Kjøllmoen

ERFAREN: Bjarne Kjøllmoen har gjort målingar av Nigardsbreen i over 30 år.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sidan 2003 har breen trekt seg tilbake om lag 400 meter.

- Blir du bekymra når du ser slik smelting som i år?

– Eg klarer ikkje bli bekymra, men det er eit element i naturen som tilhøyrer dalen, så det er jo synd om den minkar så mykje at den skulle bli borte. Sjølv om somrane blir varmare, får vi meir nedbør på vinterstid og då kan breen vekse.