Her har brannfolka ein realistisk øvingsarena

Stryn brannvern hadde eit heilt hus til rådigheit under ei brannøving tysdag. Det er uvand kost.

Brannøving i Stryn

LIKAST MOGLEG: Målet med øvingar slik som den Stryn brannvern hadde tysdag er å få det så likt ein skikkeleg brann som mogleg.

Foto: Roger Vik

John Jatgeir Vinsrygg

NØGD: Vinsrygg er godt nøgd med brannøvinga.

Foto: Roger Vik

– Det er for å trene røykdykkarane våre. Dei har fysiske og medisinske krav på seg. I tillegg er det krav om at vi skal ha eit «varmdykk» i året. Dei siste åra har vi løyst det ved å nytte oss av treningsanlegg, men det blir ikkje det same, seier varabrannsjef og ansvarleg for øvinga, John Jatgeir Vinsrygg.

Tysdag ettermiddag hadde Stryn brannvern ei øving der dei brende ned eit hus. Det finst kriterium som må oppfyllast for at brannvesenet kan nytte hus til slik øving. Vinsrygg skulle gjerne hatt slike øvingar oftare.

– Det er ikkje veldig ofte. Det er vel tre til fire år sidan førre gong, så det er alt for sjeldan.

Stryn Brannvern fekk boltre seg i eit heilt hus då dei øvde på "varmdykk" tysdag.

OFTARE: Varabrannsjef John Jatgeir Vinsrygg vil gjerne ha fleire "varmdykk" i hus. FOTO: Roger Vik.

Godt nøgd

Poenget med ei slik øving Stryn brannvern hadde tysdag ettermiddag er å skape ein situasjon som er så lik som mogleg ein vanleg brann. Vinsrygg er nøgd med gjennomføringa.

– Instruktørane har kome med konstruktive tilbakemeldingar og peikt på ting som vi kan gjere betre. Sjølvsagt har vi ting vi kan trene meir på og som vi kanskje ikkje har øvd så mykje på tidlegare. Eg er veldig nøgd.

Flammane stod ut av loftsveggen under øvinga
Foto: Roger Vik