Hopp til innhold

Her håpar dei på ny gruvedrift

ASKVOLL (NRK): 250 år etter at dei første kopargruvene i Grimelia i Askvoll vart opna, blir det denne veka starta prøveboring i dei nedlagde gruvegangane. No håper eit britisk selskap å finne store mengder kopar.

David Haykes

LEITAR: Dag Bentås og David Haykes undersøkjer fjellsidene i ei av gruvene i Grimelia. Dei leiar etter kopar.

Foto: Bård Siem / NRK

Geolog David Haykes i det britiske selskapet Kodal Minerals håper prøveboringa, som startar denne veka, vil stadfeste at det er drivverdig kopar og kanskje også litt sink i gruva.

– Vi har tru på at vi skal finne drivverdig kopar og kanskje litt sink. Det blir veldig spanande å sjå kva som kjem ut av prøveboringa, seier den 38 gamle geologen. Engelskmannen har tidlegare jobba med gruvedrift både i Sør-Amerika og Afrika.

Kopar

GRUVE: Her ser vi ei koparåre i ei av dei gamle gruvene i Grimelia i Askvoll.

Foto: Bård Siem / NRK

Starta i 1759

Det har i tre periodar i over til saman 50 år vore gruvedrift i Grimelia. I 1759 opna «Grimmeliens Kobberværk» den første gruva som dei dreiv fram til 1776.

Den neste driftsperioden varte frå 1854 til 1883, då om lag 50 mann jobba i gruva. Siste driftsperiode var frå 1916 til 1920, då dei måtte innstille på grunn av for mykje vatn i gruva.

Kart over gruvene i Grimelia

Her ser vi eit av dei gamle karta som viser området der dei gamle gruvene i Grimelia i Askvoll ligg. Den første gruva vart opna i 1759.

Foto: Bård Siem / NRK

Heile slekta jobba i gruva

78 år gamle Dag Bentås, grunneigar og etterkomar etter gruvearbeidarar i Grimelia, kjem til å følgje spent med på prøveboringa.

– Dette er som eit eventyr og eg gler meg veldig til prøveboringa startar. Det hadde vore fantastisk om det igjen kunne bli gruvedrift her, seier Bentås.

Dette er som eit eventyr og eg gler meg veldig til prøveboringa startar.

Dag Bentås

Oldefaren hans hadde erfaring frå gruvedrift i Trøndelag og byrja å jobbe i gruva i Grimelia rundt 1860. Både bestefaren og faren hans jobba også i gruva.

David Haykes

PÅ VEG UT. Dag Bentås og David Haykes må krype på alle fire for å kome seg inn og ut av gruva.

Foto: Bård Siem / NRK

Kan starte om 10 år

Dersom det viser seg at engelskmennene finn så mykje kopar dei håper på, og finansieringa går i boks, kan det innan 10 års tid igjen bli gruvedrift i Grimelia. Kor mange tilsette det kan bli snakk om, vil ikkje Haykes spekulere i.

Planen er at ni menn og ein borerigg skal starte prøveboring i slutten av veka. Finn dei førekomstane dei håpar på, kan det igjen bli gruvedrift i Grimelia.

David Haykes

EKSPERT: Geologen David Haykes i selskapet Kodal Minerals håper på gruvedrift i Grimelia i Askvoll. Haykes har tidlegare jobba i gruveprosjekt i Sør-Amerika og Afrika.

Foto: Bård Siem / NRK