Hopp til innhold

Flo hamna i klinsj med supporterane etter nedrykket

– Vi fortener ikkje all driten vi har fått, men supporterane er engasjerte og må få lov til å uttrykkje seg, seier UIrik Flo.

Skjellsordene haglet etter at FFK rykket ned til andre divisjon.

SJÅ VIDEO: Fredrikstad-supporterane var lite nådige mot Ulrik Flo og resten av lagkameratane etter at nedrykket vart klart.

Stryningen vakna søndag til ein av sine desidert tyngste dagar som fotballspelar.

I går var han med å spele Fredrikstad ned i 2. divisjon. Eit nivå Aristokratane ikkje har vore på sidan 2002. Supporterar oppløyste i tårer var lite nådige.

– Ta av deg drakta! Du fortener ikkje å ha den på deg!

– Må gjere endringar

Orda vart retta mot Ulrik Flo og lagkameratane etter ei pinleg førestilling i den avgjerande kvalifiseringskampen mot Notodden.

Flo tykkjer reaksjonane til supporterane var vel i overkant, men han forstår.

– Når ein ser eit lag prestere som vi har gjort, så forlanger du svar, seier 29-åringen.

– Eg tenkte å forklare situasjonen frå vår side. Vi blir skulda for å ikkje bry oss, men faktum er at folk bryr seg nesten litt for mykje. Dette var brutalt. Enkelte tok det veldig tungt, seier Flo.

Mentalt tung reise

Fotballsesongen har vore uendeleg tung i plankebyen. Det som ein gang var Østfolds stoltheit på fotballbana, med ni seriemeisterskap og 11 cupmeisterskap, er knapt nok ein skygge av seg sjølv.

At erkerival Sarpsborg 08 kjempar om eliteseriemedalje og cuptriumf gjer det ikkje betre.

– Heile sesongen har vore fylt med nedturar. Det har vore ei lang, mentalt tung reise, seier Flo.

Tyngste nedrykket

Ulrik Flo

TUNGT: Nedrykket var tungt å svelgje for Fredrikstad sin kaptein frå Stryn, Ulrik Flo.

Foto: Sebastian Nordli / NRK

29-åringen har tidlegare opplevd nedrykk med Sogndal. Nedrykket i år smerter meir.

– Sportsleg har eg ikkje opplevd noko som kan samanlikne seg med dette.

– Med den spelarstallen Fredrikstad har i år, så burde ein ligge i andre enden av 1. divisjon. Det er ein fin by, mykje folk som stiller opp, bryr seg og viser engasjement for klubben. Difor er det så tungt å skuffe dei. Eg tykkjer oppriktig synd i dei lokale gutane som spelar her.

– Det er ikkje berre spelarane, men ein heil klubb som må stå til ansvar for nedrykket. Alle kan seie at dei gjorde så godt dei kunne, men det er ikkje godt nok, seier Flo og meiner Fredrikstad må reinske opp.

Må ha kontinuitet

I snitt har klubben hatt ein ny trenar årleg sidan tusenårsskiftet. Fire av desse siste to sesongane.

– Du skjønar at noko ikkje er rett når ein klubb har så mange trenarar siste åra. Fredrikstad har ikkje kontinuitet. Dei treng å byggje seg ein ny identitet, for den vaglar litt no med tanke på spelestil, spelartypar og trenarar, seier han.

– Fristar det å bli med ned?

– Det fristar å gjere ting godt att, men eg har ein familiær situasjon eg må prioritere. Akkurat no freistar det ikkje å tenkje fotball. Eg veit ikkje om eg er i Fredrikstad neste år.