Hopp til innhold

Her hamna ordførarklubba i KrF-hender

Seint måndag kveld vart det klart. Kristeleg Folkeparti får tilbake ordførarklubba i Selje kommune.

Selje i Sogn og Fjordane

SELJE: Som einaste kommune i fylket har KrF fått ordførarklubba i Selje.

Foto: Stig Silden

– Eg brukte eit kvarter på å fordøye nederlaget førre måndag, og eg hadde eigentleg slått det ifrå meg. Men vi såg at det kunne vere ein moglegheit, og det klarte vi å få til i dag.

Det seier Selje kommune sin nye ordførar, Stein Robert Osdal (KrF).

Krevjande veke

Stein Robert Osdal

NY ORDFØRAR: Stein Robert Osdal (KrF) blir ny ordførar i Selje kommune.

Foto: David Haaland

For seint måndag kveld fall dei siste brikkene på plass for den nye konstellasjonen som skal regjere kommunen dei neste fire åra. Medan Osdal og KrF får ordførarklubba, får partiet med størst oppslutnad i kommunen, Tverrpolitisk liste Selje (TVP), varaordføraren i Jan Vidar Smenes.

Det er klart etter at TVP, Ap, KrF og Uavhengig representant Veronica Hatlenes vart samde om eit samarbeid. Samarbeidet gir dei ni mot Frp, Sp og Høgre sine åtte representantar i kommunestyret.

Osdal skildrar siste veka som krevjande og uoversiktleg.

– Vi har kartlagt og vurdert ein god del konstellasjonar. Til slutt enda vi opp med denne, seier han.

– Kvifor vart det akkurat denne konstellasjonen?

– Det var denne vi følte var styringsdyktig nok for Selje. Det er parti som har veldig mykje av dei same oppfatningane, og som ved tidlegare høve har samarbeidd godt i ulike saker.

Einsam svale

Selje blir dermed den einaste kommunen i fylket som dei neste fire åra skal leiast av ein KrF-ordførar. Osdal seier det ikkje var konkrete saker som gjorde at konstellasjonen blei som den blei i Selje.

– Eg føler dei fleste partia har same oppfatning av kva som må vere satsingsområde framover. Det er å få orden på økonomien og raskast mogleg komme seg ut av ROBEK-lista på ein god måte, seier han og legg til:

– Vi brukte mykje tid på å sjå kva som kunne vere ei langsiktig god løysing for denne fireårsperioden. For KrF var det denne vi landa på til slutt.

Vil ha dugnad i Selje

Osdal tek med det over ordførarklubba etter Ottar Nygård (TVP). Slik KrF hadde i tre periodar før valet i 2011.

– Eg har fire år i politikken og fire år som leiar av eit hovudutval. Det er parti utanom KrF som har «pusha på» for å få meg inn, så eg føler eg har god og trygg ryggdekning i dei andre partia, seier Osdal som ser fram til fire spennande år som ordførar.

– Men eg vil invitere alle parti med på dugnad for å få Selje ut av ROBEK, og å få utnytta potensialet som ligg for turisme og næringsutvikling i Selje, avsluttar han.