Hopp til innhold

Her hamna brøytebilen

Ein brøytebil køyrde av vegen i svingane ned frå Strynefjellet fredag føremiddag.

Brøytebil i grøfta

I GRØFTA: Denne brøytebilen var uheldig på veg ned frå fjellet.

Foto: hyttefilm studios

Ingen personar skal ha kome til skade då uhellet skjedde, opplyser politiet.

Det var ved halv tolvtida at ein brøytebil køyrde av vegen ved Øvstebrufossen like nedanfor Ospelitunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet.

Ein bergingsbil vart sendt til staden, og vegen vart stengd ein halvtimes tid medan under bilberginga.

Ei politipatrulje var tilfeldigvis i området og kunne hjelpe til med arbeidet og dirigere trafikken.

Laster Twitter-innhold