Hopp til innhold

Turfølgjet stod heilt ved brekanten då israset kom

Med isen hanglande over seg, søkte fire turistar ly for israset. – Det var veldig dramatisk, seier Mikael Gustafsson om hendinga i 2008.

Turistane stod heilt oppe ved brekanten då israset kom. Med naud og neppe fekk dei kasta seg i ly.

SJÅ VIDEOEN: Mikael Gustafsson fekk filma delar av den dramatiske hendinga ved Briksdalsbreen 2008.

I helga fekk den tidlegare kardiologien ved Nordfjord sjukehus «flashback» til brebesøket då eit tysk ektepar i 30-åra omkom ved Nigardsbreen i Luster.

Også for seks år sidan kunne det gått frykteleg gale då Mikael Gustafsson vart vitne til fire som stod heilt oppe ved brekanten då is kom buldrande mot dei.

– Dei måtte kaste seg ned bak ei klippe for å komme i skjul. Heldigvis fann dei ein stad der isen ikkje kunne nå dei. Hadde dei ikkje gjort det så kunne det blitt stygt, seier Mikael Gustafsson.

– Veldig dramatisk

Mikael Gustafsson

VITNE: Mikael Gustafsson filma delar av dramatikken då fire turistar ved brekanten vart overraska av eit isras.

Foto: Privat

Truleg sette den dramatiske hendinga ein kraftig støkk i turfølgjet. Det gav i alle fall Gustafsson ytterlegare respekt for både bre og naturkrefter. Sjølv tykte svensken og kameraten at sperringa kring 500 meter frå breen var for langt unna.

Kameraten ville heilt opp til brekanten, men Gustafsson var gjort merksam på farane som kan lure og dei to stogga kring 200 meter inne på avsperra område.

– Plutseleg høyrde vi ei veldig buldring frå breen, og såg dei fire turistane. Det var veldig dramatisk, seier han.

Rasa i to minuttar

Til alt hell kom turistane ved brekanten seg i ly før isen hagla over dei. Gustafsson fekk filma deler av dramatikken.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

– Sikringstiltaka er gode nok ved Nigardsbreen, seier Ivar Kvalen, ordførar i Luster. Fleire av skilta var velta då dødsulukka skjedde søndag.

SJÅ TV-SAK: Det blir vurdert som trygt å flytta sperringane nærare breen – trass i dødsulukka.

– Vi lurte på om dei ville bli trefte, men heldigvis såg dei ut til å klare seg utan problem, seier han og held fram:

– Det heldt på i sikkert to minuttar, så det var veldig mykje is som kom ned frå brekanten, held Gustafsson fram.

Har fått respekt

Hendinga for seks år sidan har sett ein støkk i Gustafsson. I 2010 vart ein tysk turist alvorleg skadd framfor Briksdalsbreen.

– Eg vart veldig overraska over kor fort ting skjedde. Eg fekk veldig stor respekt for dette, seier han.

– Kva tenkjer du om folk som tek seg inn på avsperra område ved breane?

– Eg trur ikkje at dei forstår kva som kan skje og kor fort det går. Dei veit ikkje kor stor risikoen er. Det kan vere flott ver og alt ser heilt fint og stabilt ut, så kjem det eit stort ras.

Sikrar breen i Luster

Asle Karoliussen

LENSMANN: Asle Karoliussen seier mykje is kan falle ned når som helst.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ved Nigardsbreen i Luster har politiet, kommunen og Statens Naturoppsyn i dag bestemt seg for å utvide sperringar og innføre vakthald.

Eit isområde på kring 100 kubikkmeter står i fare for å falle ned ved breen.

– No er situasjonen ekstrem i dette spesifikke området. Vi kunne brukt politiloven og innført eit ferdselsforbod, men det ville vore eit enno større inngrep, seier lensmann Asle Karoliussen til NRK.no.

Betre informasjon

Gustafsson trur det kan vere ein god idé med både vakthald og betre informasjon for å skremme turistane frå å ta seg innanfor avsperra område.

– Informasjonen kan vere endå tydelegare. At ein kan skrive at det har vore dødsulukker, og at isen kan rase kan skje heilt utan forvarsel. Det kan også vere ein god idé å ha vakt gjennom turistsesongen, avsluttar han.