Hopp til innhold

Her gjekk fellesstarten i vasken for veslebror Bø

Johannes Thingnes Bø var maksimalt uheldig då han gjekk rett i bakken fordi Jakov Fak datt like framfor han i løypa. Stryningen hamna til slutt på ein 10. plass i dagens fellesstart i Rupholding.

Thingnes-Bø faller

STUPTE: Johannes Thingnes Bø tok eit realt svanestup då Jakov Fak datt i løypa like framfor han.

Ungguten frå Stryn vert no sjekka av lege etter det kraftige fallet.

– Legen seier han skal på ein sjekk for å finne ut om det er ei hjerneristing eller ikkje. han har slege seg litt, så det må sjekkast, seier landslagssjef Per Arne Botnan.

Thingnes Bø skaut fulle hus på dei to første skytingane. Like før tredje standplass, gjekk Bø i bakken så det song, då han ikkje hadde sjanse til å bremse i det Jakov Fak, som låg like framfor, gjekk i bakken så det song.

I fallet braut Bø den eine skia, og måtte byte ski, noko som både kosta krefter, men også førte til at han tapte dyrebare sekund.

– Det var eit veldig fall. Det er sjeldan ein ser så brutale fall i eit skirenn, seier ekspertkommentator i NRK, Ola Lunde.

Kjempa, men måtte gje tapt

Likevel klarte Bø å nullstille seg og fylte alle dei fem blinkande på tredje skyting.

Også på siste skyting klarte veslebror Bø å setje alle dei fem skota. Han gjekk ut 14,8 sekund bak teten, og prøvde lenge å kjempe seg opp frå ein 6. plass.

Men tetgruppa heldt høg fart, og Bø lunta til slutt inn til ein 10. plass.

Simon Schempp vann fellestarten, Quentin Fillon Maillet tok 2. plass og Michael Slesinger hamna på 3. plass.

Emil Hegle Svendsen tok 4. plass og Ole Einar Bjørndalen kom på 5. plass.

Johannes måtte få ny ski

NY SKI: I fallet braut Johannes Thingnes Bø den eine skituppen, og måtte få ny ski før han kunne halde fram løpet.