Her gjekk ein svolten bjørn

Har passert nær menneske.

Bjørnespor Jostedal

Biletet er teke i går, og viser ferda til bjørnen i Jostedalen.

Foto: Statens Naturoppsyn
Bjørnespor Jostedal

Måligar av avtrykka fortel at denne bjørnen er større enn den som har herja i Jostedalen for to år sidan.

Foto: Statens Naturoppsyn

- Over husa på Fåberg har han vore nær folk og han har ikkje vore så langt frå Mjølversgrenda heller. Men han har vel helst gått om natta så han har ikkje vore så god å få auge på, seier rovviltkontakt i Statens Naturoppsyn, Einar Fortun.

Les meir: Vil ha tips om bjørnen

Les meir: Bjørnen er tilbake

Stor bjørn

Tysdag ettermiddag og følgde han ein stor bjørn sine spor i Jostedalen. Frå Fagredalen der bjørnen har kome ned etter vandringa frå Sjåk, og heilt fram til bommen ved Nigardsbreen der han gjorde den siste av i alt tre vegkryssingar.

- Han for i retning Haugåsen og lenger har me ikkje spora han for det var ikkje nok snø nedover i dalen.

Svolten bjørn

- Spora må ha vore minst to dagar gamle på tysdag. Me prøvde å bruke sporhund, men spora var så gamle at han reagerte ikkje på dei, seier Fortun.

Den erfarne rovviltkontakten seier det er ein ting han er heilt sikker på.

- Bjørnen er på jakt etter mat. Han har nett vakna etter vinteren og er svolten no, seier Fortun.

Og sjølv om ein bjørn, kanskje den same som er der no, har ete seg god og mett på sauer i Jostedalen før, er ikkje det staden for han no. For i Jostedalen er sauene enno ikkje komne på utmarksbeite.

På veg til Fjærland?

I og med at bjørnen kan ha gått opp att på Jostedalsbreen har han fleire område å velge mellom i leitinga etter mat. Både i Sogn og i Nordfjord.

- Han heldt stø kurs og stoppa ikkje. Han heldt jamn fart. Han har nok ein stad han vil reise til, men eg veit ikkje kvar. Sist for bjørnen i Jostedalen til Fjærland, og han kan vere på veg dit. Men han kan også ha reist tilbake til Skjåk. Lenger ute i fjordane er det i alle fall meir sau på beite, så han leitar nok etter dei, seier Fortun.

- Han kan vere i dalen enno, men han kan også ha reist vidare, seier Fotun som leitar vidare i dag.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.