Her gjekk det gale for kameratgjengen

FØRDE: – Eg trudde nesten at dette var ei dødsulukke, seier Kari Kvile etter at ein bil med tre personar hamna på taket i Angedalsvegen.

Trafikkulukke på Angedalsvegen

PÅ TAKET: Tre personar hadde flaks då bilen dei sat i hamna på taket like før Ryggjabrua på Angedalsvegen i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kari Kvile hadde akkurat parkert bilen sin og var i ferd med å lukke garasjeporten, då ho kvapp til av eit smell. Kort tid etter kom ein bil siglande på taket like nedanfor.

– Det skjedde så fort. Eg høyrde smellet då den trefte stolpen, så kom bilen siglande og stoppa. Eg sprang ned og ringde 113 med det same, seier ho.

Uhellet på fylkesveg 601 like før Ryggjabrua vart meldt i 1930-tida. Kvile såg til at ingen var fastklemde.

– Dei kom seg ut veldig fort, seier ho og mistenkjer at farten har vore høgare enn fartsgrensa på 60 km/t.

Kvile har budd ved Angedalsvegen i over 20 år, og fortel at dei på grunn av skuleveg fekk redusert fartsgrensa til 60 på byrjinga av 2000-talet.

Både ho og ektemannen fortel at det ikkje er første gang det skjer ulukke på staden.

Innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes, seier bilen kom frå Førde i retning Angedalen då den kom utanfor vegbana og gjekk rundt.

Alle dei tre i bilen vart sende til sjukehus.

– Årsaka må vi etterforske, men det er ikkje glatt på vegen. Det er vått og berrt, seier han.

– Har det vore høg fart?

– Det kan eg ikkje uttale meg om no.

Trafikkulukke i Angedalsvegen.

PÅ TAKET: Bilen køyrde av vegen, gjekk rundt og tok med seg delar av eit gjerde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Bilen tok med seg kring ti meter av eit gjerde og fekk store materielle skader. Til alt hell ser det ut til å ha gått bra med dei tre personane i bilen.

– Det er heldigvis berre materielle skader, seier bilføraren som kom bak. Han fortel at dei var ein kameratgjeng i tre bilar som køyrde i følgje.

Også han trudde at utfallet var verre då han plutseleg såg bilen med tre av kameratane ligge på taket.