NRK Meny
Normal

Store utfordringar for påsketuristane i Sogn

Ferjesambandet Mannheller–Fodnes er mellombels innstilt på grunn av uvêr. – Det vart for risikabelt å leggje til kai under slike forhold, opplyser Fjord1.

Ferja reiser frå Fodnes ferjekai

GAV OPP: Ferja gir opp å leggje til kai ved Fodnes. Tipsar fortel at vinden bles rett mot Årdal, så ferja truleg har kraftig medvind inn mot ferjeleiet.

Foto: NRK-tipsar

I mellomtida fyller ferjekaiene seg opp med påsketuristar.

  • SISTE: Klokka 2040 opplyser Statens Vegvesen at ferjesambandet er opna for trafikk att. Det blir trafikkert med ei ferje til måndag morgon.

– Det vart målt kast opp i 35 meter i sekundet, og då tek ein ingen sjansar. Då må vi berre gi oss og innstille, seier Kjell Ove Høidal hos Fjord1.

Vurderer å flytte ferje

Sambandet vart tidlegare i dag redusert til ei ferje, då «Sogn» måtte til Lærdal grunna tekniske problem. Det vil truleg ta to-tre dagar å reparere denne.

Noko som kan gjere det utfordrande å ta unna køen når sambandet kjem opp å gå att.

Ferjesambandet Mannheller - Fodnes på riksveg 5 er mellombels innstilt.

VINDKAST: Kraftig vind gjer at Fjord1 ikkje tek sjansen på å drifte ferjesambandet Mannheller - Fodnes. Slik var vindkasta ved Fodnes i ettermiddag. (FOTO: THORILD BRUDVIK)

– Det er mykje trafikk og fullt på begge kaiane. Vi ser på moglegheitene for å flytte ei ferje frå trekantsambandet Hella–Dragsvik–Vangsnes, men må vurdere trafikksituasjonen fortløpande, seier Høidal.

Tømmer tunnelane

Kø så langt auge kan sjå på Fodnes

KØ: Påsketuristane må smørje seg med tolmod på veg heim frå påskeferien. Biletet er frå ferjekaien på Fodnes, der køen strekkjer seg langt mot Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

Politiet er no på begge sider av fjorden for å hindre bilane å samle seg i tunnelane.

– Vår jobb blir i første omgang å tømme tunnelane for bilar, så blir det å halde tunnelane stengde til andre kan sørge for ei eller anna køordning så ikkje tunnelane fyller seg med ein gang att, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Florø.

Politiet er også i Aurland der både forureining og motorhavari har ført til lange køar.

Innstilt i Nordfjord

I Nordfjord har Fjord1 også måtte innstille ferjesambandet Måløy - Oldeide på fylkesveg 616. Stårheim - Isane på fylkesveg 614 er igjen i drift att etter å ha vore stengt på grunn av uvêr.

På ferjesambandet Lavik–Oppedal melde Norled tidlegare søndag om kø, sjølv om det går fire ferjer.

Lang kø i Aurland

KØ: Køane i Aurland startar allereie ved Onstadtunnelen på E16 i Aurland. Biletet er tatt innover mot Flåm frå utløpet av Onstadtunnelen.–Og køane veks, opplyser fotografen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Sjå: Slik er det på vegane no (webkamera)

– Anda–Lote går som normalt, men vi har også hatt litt problem med vindkasta på trekantsambandet Hella–Dragsvik–Vangsnes på Sognefjorden, seier Høidal.

Stor påskeutfart

Vikafjellet er også stengt på grunn av snøskred og fare for snøskred. Fjellovergangen blir ikkje opna att i dag.

Hendingane er langt frå det verken Fjord1 eller påsketuristane ynskjer første påskedag. Påsketuristane har følgt oppmodinga om å avbryte påskeferien i dag, med stor utfart som resultat.

I tillegg til vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, har Meteorologisk institutt også søndag ute obs-varsel for Sør-Trøndelag.

Utover ettermiddagen og måndag er det venta kraftig vind og nedbør, som igjen gir lokalt vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Norge.

– Søndag ettermiddag og kveld er det venta sørleg liten storm, 22 meter i sekundet utsette stader, med vindkast på 25–35 meter i sekundet, lyd meldinga.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen