Hopp til innhold

Desse sogningane gir mest i kollekt

Balestrendingane er dei mest rause av sogningane til å gi kollekt når dei er i kyrkja.

Kollekt og Tjugum kyrkje

GIR RAUST: Balestrendingane gir nesten 200 kroner kvar gong dei er til kyrkje.

Foto: Øystein Nygård/Kjell Arvid Stølen / NRK

Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå som Sogn Avis presenterer i dag.

Og det er balestrendingane som grev djupast i lommeboka når dei sit på kyrkjebenken. Dei gav i snitt 198 kroner kvar gong dei var til kyrkje. I andre enden av skalaen ligg Lærdal, av sognekommunane.

Vikjene på ein andreplass

På ein god andreplass kjem vikjene i nabokommunen på andre sida av Sognefjorden. Her gav dei 106 kroner i snitt.

Leikanger kjem på tredjeplass med 67 kroner i snitt for kvar gong det vart gitt kollekt.

Lærdølene gav i snitt 14 kroner kvar gong dei var til kyrkje.

Ser ein landet under eitt, gav kvar nordmann 74 kroner i snitt i kollekt. Kvar innbyggjar i Sogn og Fjordane gav i snitt 89 kroner.