Hopp til innhold

Her går dei første tidlegpotetene i Lærdal i jorda

I dag vart dei første potetene planta i Lærdal. Potetbonde Richard Lysne har håp om at 10 tonn setjepoteter skal bli til 120 tonn når dei har fått godgjort seg i sandjorda.


I fjor leverte han om lag 120 tonn poteter. Målet i år er å levere iallfall like bra.

– Såpass avkastning må det vere, seier Lysne.

I dag var det 11,2 grader i Lærdal, og heilt perfekt for at dei første setjepotetene skulle få nærkontakt med god sandjord.

Har vore ein god marsmånad

– Det går eit par veker før vi er ferdige, seier Lysne, medan han styrer traktoren med sikker hand.

Han fortel at jorda er bra og at mars månad har hatt gode temperaturar.

– Telen er gått og jorda har tørka bra opp, seier Lysne.

Han fortel at i dalbotnen i Lærdal er det sandjord, og det er ideelt når ein skal dyrke poteter.

Må lagrast rett

Men før ein kjem så langt må setjepotetene lagrast, og det kan ikkje skje kor som helst.

– I byrjinga av februar har vi potetene i småkassar og set dei på lager med godt lys og ein 12–14 varmegrader, samt god luftfukt. Då får vi ein kraftig groe som er robust når han kjem i åkeren, seier Lysne.

Olaug Skjerdal sit bak på setjaren, og ho har nok å hengje fingrane i. For setjinga går fort, og ein må vere både rask på labben og nøye for at alt skal bli rett.

– Ja, viss det ikkje skal bli hol i åkeren så må vi få ei potet i kvar skål, seier Skjerdal, medan potetene blir sette ut med kunnig hand.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Rekordtidleg potetsetjing i Lærdal.

Rekordtidleg potetsetjing i Lærdal.

Dei første potetene er klare 15. juni

Det kan fort bli seks-sju timar bak på setjaren, dersom tilhøva tillet det.

– Det er om å gjere å setje fortast mogleg slik at ein kjem lengst mogleg, seier Skjerdal, som i dag planta potetsorten solist, som er ein av tidlegsortane.

Går alt etter planen, er dei første solistpotetene på bordet 15. juni.

– Ja, det reknar vi med. Vi har nokre leveransar vi har lova, så det må vi tru slår til, seier Skjerdal.

Spenninga er knytt til kva prisar det vert på tidlegpotetene i år.

– Det har mykje å betyr for om dette er lukrativt eller ikkje. Tidlegpotetene er det ein del meir arbeid med, fordi vi sit to stykkjer som set for hand bakpå her, så difor har prisen mykje å seie for om det er vits å drive med dette eller ikkje, seier Skjerdal.

Har tru på greie prisar

– Prisane i fjor var gode. Dei er best på starten av sesongen, og så dalar det litt. Snittprisen i fjor var på fem-seks kroner per kilo i fjor, seier dagleg leiar i Lærdal Grønt, Kåre Øyri.

Han er klar til å ta imot tidlegpotetene i Lærdal 15. juni.

– Vi har ganske nytt anlegg og pakkar i plastposar no. Det var nytt frå førre sesong. Det fungerer veldig bra, difor vart det mindre kilo i kvar pose, og dermed får bonde betre betalt, seier Øyri.

Trur poteta overlever på matbordet

Han reknar med å få inn mellom 1300 og 1400 tonn denne sesongen. Men poteta, som har vore ein slitar sidan 1500-talet, har dei siste tiåra fått konkurranse. Både ris og pasta er med på å skubbe poteta ut av det norske kosthaldet.

– Eg håpar verkeleg at poteta ikkje er på veg ut. Men det er klart at ein nok merkar litt konkurranse. Men eg håpar poteta er på veg inn, seier Øyri.

Han har vore i Lærdal Grønt i ti år, og fortel at kvantumet har vore omtrent likt kvar gong.

– Vi har ikkje hatt nokon nedgang iallfall, seier Øyri.