Hopp til innhold

Her går granaten i lufta med eit smell

Her går ein øvingsgranat frå krigens dagar i lufta med eit smell. Jan Roar Sekkelsten og familien i Førde hadde orkesterplass.

Sprenging i Hafstadparken

TIL HIMMELS: Jordspruten stod høgt då salva gjekk av.

Foto: Jan Roar Sekkelsten

Sekkelsten bur i rekkjehusa i Presteholten, og dermed hadde han panoramautsikt til hendinga.

– Eg hadde fri i dag, og når eg visste at det skulle skje i dag, så monterte eg kamera på stativ på verandaen, og var klar, seier Sekkelsten.

Han såg allereie i går at området var sperra av, og skjønte grunnen då media tok tak i saka.

Torsdag vart det oppdaga noko som kunne likne eit sprenglekam under gravearbeid på idrettsanlegget Hafstadparken i Førde.

Gravearbeidet vart umiddelbart stoppa, og det vart sendt bod etter fagfolk frå Forsvaret. Arbeidet med å fjerne granaten vart gjort i dag.

Hadde vore kjekt å ha på film

– Det blei jo litt slik at eg tenkte at dette kunne vere kjekt å ha på film, seier Sekkelsten.

Dermed fekk han med seg heile sprenginga.

Jan Roar Sekkelsten

FILMA: Jan Roar Sekkelsten hadde panoramautsikt til sprenginga.

Foto: Per Kjetil Jørgensen

– Dei heldt på ein times tid, ein mann frå politiet, ein mann frå Forsvaret, og ein mann frå entreprenør Magne Hafstad, seier Sekkelsten.

Han karakteriserer det heile som udramatisk, men litt artig å sjå på. Ifølgje Sekkelsten måtte det to forsøk til før det sat som det skulle.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

POFF: Det måtte to forsøk til før granaten gjekk opp i røyk.

Kjekt med litt action

– Han tredde på seg hjelmen, rulla ut lunta, krabba over kanten, og etter ei stund small det. Det var tydelegvis rutine, og ingen dramatikk, seier Sekkelsten.

Mange i Førde fekk med seg sjølve smellet, likevel ikkje frå så nært hald som Sekkelsten.

– Det blei jo litt røyk, litt smell og litt pang. Litt action, det er gøy, det, seier Sekkelsten.

Hadde ikkje særleg sprengkraft

– I går vart det oppdaga noko som ein oppfatta som eit sprenglekam, og dette vart fotografert og sendt til Forsvaret. I dag kom dei med kompetent mannskap for å fjå på det, seier politiførstebetjent Jan Arild Nervik.

Han var med på staden då granaten vart sprengd.

– Gjenstanden vart identifisert som ein øvingsgranat frå krigens dagar av storleik 80 millimeter. Han hadde ingen sprengkraft å snakke om, men inneheldt nokre tennsatsar av fosfor, difor var han ikkje trygg å transportere. Difor vart han demolert, seier Nervik.

Har ikkje planar om fleire søk

– Dei som har høyrt eit smell i Førde i dag, dei veit no kva det var, seier Nervik.

Det vart brukt sprengstoff til å sprengje granaten i lufta.

– Det var som sagt ein øvingsgranat. Om han hadde gått av under graving, så ville han ikkje ha gjort noko skade å snakke om. Han hadde ingen sprengsats i seg. Han var nok i si tid bygd for å lage røyk, seier Nervik.

– Vil det bli gjort søk i området for å finne ut om det finst fleire?

– Politiet vil ikkje ta initiativ til noko slikt. Kor vidt entreprenør eller kommune vil gjere noko, det kjenner ikkje eg til, seier Nervik.