Hopp til innhold

Her går det rundt for Tarjei etter rennet

SJUSJØEN (NRK.no): Etter å ha kjempa seg inn til fjerdeplass, måtte Tarjei Bø setje seg ned for å hente seg inn etter kraftprøva. – Brutalt hardt, seier han etterpå.

Tarjei Bø sliten etter målgang

BRUTALT: Tarjei Bø trong uvanleg lang tid for seg sjølv etter sesongstarten. Han gjekk heilt i kjellaren på sisterunden.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg var veldig sliten. Det gjekk litt rundt for meg, seier Tarjei Bø etter å ha gå inn til fjerdeplass på sprinten under sesongopninga på Sjusjøen.

I forkant var han klar på at han var svært revansjesugen etter nedturen sist sesong. Han klinte til frå start - og det heldt nesten. I mål var han sju seskund bak ein pallplassering.

– Eg er veldig godt nøgd med dette. I praksis var heile verdseliten her, og eg veit at eg blir betre seinare, seier 26-åringen til NRK.no.

Var i kjellaren - meiner det er bra mentalt

Bø meiner sjølv at løpet var bra. Sjølv om han bomma på det første skotet på ståande, henta han seg inn att og fullførte konkurransen utan fleire bom. Så vart det litt tungt på sisterunden. Og då fekk han kjenne det...

– Det var brutalt hardt. På sisterunden hadde eg blodsmak i munnen, sa han til speaker på stadion.

– Det reiv og sleit i luftvegane, seier han.

Då hadde han sett seg ned og teke seg god tid i løparteltet etter målpassering. Der måtte han få seg litt mat og drikke før han kvikna til igjen.

– Eg var i kjellaren, og merka at eg ikkje har det giret som eg må ha for å vere verkeleg god. Men det er god mentalt trening med tanke på det som kjem seinare i sesongen, seier Bø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tarjei Bø på liggande skyting

FULLT HUS: Tarjei Bø opna sesongen med å skyte fem blinkar på liggjande skyting. På stå vart det éin bom.

Foto: Rune Fossum / NRK

Står over fellesstarten søndag

Alexander Os vann sesongstarten på Sjusjøen framfor Simon Fourcade og Vetle Sjåstad Christiansen. Tarjei Bø hadde 35 seskund opp til førsteplassen.

No står han truleg over fellesstarten søndag.

– Eg vil ikkje risikere noko med tanke på helsa, forklarer Bø og siktar til sjukdomen han hadde i kroppen tidlegare i veka.

Mangla råskap ute i sporet

Ein som ikkje står over fellesstarten, er Johannes Thingnes Bø. Han skaut éin bom både på liggjande og ståande, og vart til slutt nummer ni på sprinten.

– Eg håpar det var gjennomkøyringa som skulle til framfor morgondagen. Eg kjende meg litt tom i dag, seier 21-åringen.

– Kva svar fekk du i dag?

– Mykje positivt på skytinga, men litt for lite råskap i løypa. Men eg er ikkje uroa - eg veit kva som skal til for å prestere betre seinare, seier Johannes Thingnes Bø.

Johannes Thingnes Bø på standplass

IKKJE NØGD: - To bom er for mykje, men det var mykje positivt å ta med seg vidare også frå skytinga, seier Johannes Thingnes Bø om eigen innsats i sesongstarten.

Foto: Rune Fossum / NRK