Her går det gale: – Flaks ingen vart hardt skadde

Folk flykta til alle kantar då oppskytinga av fyrverkeri under Strynemessa ikkje gjekk som planlagt.

Fyrverkeri på avvege under Strynemessa

FYRVERKERI VELTA: Ingen fekk varige skader, men fleire personar vart trefte og trengde tilsyn etter fyrverkeriuhellet i Stryn i går.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

40-årsjubileet til Strynemessa vart i går kveld feira med fyrverkeri. Arrangørane hadde leigd inn profesjonelle for å ta seg av oppskytinga, men noko gjekk gale og fleire rakettar hamna midt ute i folkemengda.

Roger Vik følgde hendinga ein kilometer unna, der han stod for å ta bilete.

– Det starta normalt, så byrja det å skjere ut nokre rakettar. Det var kanskje ein fem-seks skot som for på avvege. På eit område med så mykje folk er det flaks at ingen vart hardt skadde, seier han.

Fyrverkeri i Stryn

RETT FØR: Her er eit bilete som vart teke rett før fyrverkeria kvelva.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Politiet melde i går på Twitter at ein person vart skadd i hendinga.

– Fyrverkeria kvelva under oppskyting. Tre personar vart trefte, moglegvis ein fjerde person, to av dei er mindreårige. Personane fekk tilsyn av Raude Kors på staden og treng ikkje vidare oppfølging, seier operasjonsleiar Per Rimmen.

Han seier Stryn lensmannskontor vil følgje opp saka vidare.

– Dei får undersøke kva som verkeleg har skjedd og om oppskytinga har vore forsvarleg. Noko har tydelegvis ikkje gått som planlagt, men om nokon kan lastast for det veit vi ikkje enno, seier han.

Arrangørane varsla sjølve politiet.

– Dette er ikkje noko gøy, men vi prisar oss lukkelege for at det gjekk så bra som det gjorde, seier dagleg leiar Jørn Sønsterudbråten.