Hopp til innhold

Her går dei motbakkeløp baklengs

Dei var i toppen under Holmenkollstafetten på 80-talet. Søndag samlast 22 av dei igjen til baklengs motbakkeløp på 30 meter.

På 80-talet hadde Vik eit svært godt friidrettsmiljø og fire stafettlag som var heilt oppe i landstoppen og deltok i eliteklassen i Holmenkollstafetten.

Søndag møttest 22 av dei igjen på ein støl på Skorge i Vik. 200 meter rett fram kunne bli i tøffaste laget for karane som no er komne godt oppi åra, men noko konkurranse måtte dei no for gamle dagars skuld. Då kom ideen om baklengs motbakkeløp på 30 meter.

– Sjølvsagt nokon som datt

– Det var Helge Brekke, «Knarvikmilgeneralen», som kom med den ideen. Det var han som drog i gang miljøet her i Vik i si tid, og han er slik ein trimprofet som har mål om å få alle i aktivitet. Det spelar ingen rolle kva vi gjer. Han har ei evne til å sjå slike artige løysingar som dreg folk framfor å skremme dei. Hadde det vore framlengs 200 meter hadde no vel folk ikkje komme, fortel Jens Brekke.

Med ulike heat skulle vinnaren til slutt kårast i Vik i dag, men sjølv om 30 meter kan høyrest enkelt ut var det ikkje heilt utan utfordringar.

– Vi fekk ikkje lov å sjå bak oss, så det var sjølvsagt nokon som datt på rumpa, men til meir moro vart det. Ikkje vart vi andpustne og ikkje vart vi stive, så det var akkurat passe, seier Brekke.

(Saka held fram under videoen)

Dei var i toppen under Holmenkollstafetten på 80-talet. Søndag samlast 22 av dei igjen til baklengs motbakkeløp på 30 meter.

NY GREIN: Her prøvar dei tidlegare friidrettsutøvarane i Vik seg på ei ny idrettsgrein. Foto: Odd Inge Gjeraker

Mimra om gamle dagar

Og moro var det absolutt då eit og eit halvt Holmenkollstafettlag møttest til baklengs motbakkeløp.

– Det var veldig artig, og premieutdeling var det også. Hardanger dessertbestikk til dei beste. Og så var det tebrød og kaffi til alle. Så vi sat der lenge på ein tømmerstokk og mimra om gamle dagar og alle som vi hadde slege – trudde vi. I dag var vi no kanskje endå større i kjeften enn den gong. Alle historier kjem seg med åra. Sprang vi forbi tre før, så vart det no fem i dag, fortel ein blid og nøgd Brekke.

Sjølv klarte han ikkje å stikke av med sigeren under dagens konkurranse. Det var det Norvall Fosse som gjorde.

– Han var no bra i si tid òg, han, er Brekke sin dom.

Smurde seg med tigerbalsam

Og konkurranseinstinktet var på plass, også 30–40 år etter. Av tradisjon kom også tigerbalsam på bordet, det skulle nemleg gjere prestasjonane endå litt betre.

– Då vi dreiv på på 70-talet dreiv alle og smurde seg inn med all slags smøring. Det var sug i magen når du kjende den der lukta av kamfer, då var det å springe til du ikkje greidde meir. Somme smurde seg med dette her på leggane i håp om at dei skulle greie litt lenger enn dei andre. Om det fungerte veit eg ikkje, men det var ei forunderleg lukt som vekte assosiasjonar, fortel Brekke.

Dei store idrettsskadane uteblei denne gongen, men litt knall og fall vart det naturleg nok når tidlegare utøvarar prøvar seg på nye greiner.

– Det var ein som datt på rygg og så datt ein opp att på han. Då var vi forskremde, men det var ein hardhaus som har gått Birkebeineren og vunne merkjer kvar einaste gong så han toler nokre rundkast, seier Brekke.

Baklengs motbakkeløp i Vik

KONKURRANSEINSTINKT: Frå venstre: Sigmund Dyrhovden, Oddvar Grønsberg, Sigbjørn Tonning og Helge Brekke.

Foto: Odd Inge Gjeraker