Den vesle bygda langs Sognefjorden er hardt angripen av brunsnigelen, skriv Sogn Avis. To av dei som fortvilar, er ekteparet Alvhild og Svein Kai Fedje. Dei seier dei vassar i det dei kallar griseri.
Etter ein kveldsrunde med snigleplukking, hender det at Alvhild får ubehageleg syn for auga.
– Av og til når eg lukkar augene, ser eg sniglar på netthinna. Eg kjenner også folk som har drøymt at dei har drege ut sniglar frå brødskiva si, seier ho til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fleire enn vanleg
Det er mange hagar rundt i landet som er hardt ramma. Frustrerte hageeigarar må plukke hundrevis av slimete skapningar kvar einaste dag. Professor i plantehelse ved Bioforsk på Ås, Arild Andersen, sa til NRK.no tysdag at det er meir brunsniglar enn vanleg i år.
Ei av årsakene er ein mild vinter som gjorde til at mange sniglar overlevde og no stiller sniglesterke til stor fortviling for mange hageeigarar.
– Det er tydeleg at det er brunsnigleår. Det er mange som ringjer oss og seier at dei har meir brunsniglar i år enn tidlegare år, seier snigleeksperten.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fann spor etter snigle i senga
Ifølgje Sogn Avis har sniglane krabba oppover veggar og vindauge og teke seg inn på soverom og bad. Folk drøymer til og med om brunsniglar. Fleire seier dei kvir seg for å drive hagearbeid og for å ete ute. Ei dame har til og med hatt den uønska gjesten i senga si.
– Eg såg sporet etter den i senga, seier Astrid Taklo som også bur på Leikanger.
(Artikkelen held fram under biletet)
Plukkar morgon og kveld
Det er fleire stader langs vegane det nesten ikkje er mogleg å gå. Folk bruker gjerne to timar av kvelden på å kvitte seg med plaga. Ekteparet Fedje har prøvd å stengje av eigedommen med saltbarriere.
– Men vi plukkar likevel sniglar både morgon og kveld. Dette går på helsa laus, seier Alvhild Fedje.
– Kva er det verste med sniglane?
– Alt er verst, det er rett og slett ingenting positivt med dei. Vi har så mykje sniglar at det er heilt forferdeleg. Det går på helsa laus, fortel ho.
Ekkel lukt
Sniglane heng fast under skoa og under bildekk. Og etter kvart så byrjar dei å stinke.
– Børste og vatn hjelper ikkje for å få vekk dette slimete greia. Det er rett og slett vemmeleg.
Alvhild Fedje har ikkje hatt dei inne i huset, men teke nokre på veg opp veggane.
– Det er flest når det er fuktig. I dei verste regnbygene er dei ikkje framme, men så kjem dei. Eg tykkjer det er forferdeleg. Det er mange fleire i år enn tidlegare.
(Artikkelen held fram under biletet)
Skal plukke sniglar for dei
Ho og mannen har budd i huset i 13 år. Dei fem første åra merka dei ikkje noko til brunsniglane. Men så byrja plagene.
Ekteparet brukar masse tid på å plukke sniglar, både morgon og kveld.
– No skal vi reise vekk på ferie og vi har fått folk til å plukke sniglar medan vi er vekke. Eg vil ikkje tenkje på korleis det ville vore her elles.
Måtte kvitte seg med sommarblomar
Dei sniglane som blir plukka, legg ho i eit bøtte med saltlake. Her ligg dei nokre dagar før ho tømmer innhaldet ut i Sognefjorden.
På grunn av snigleinvasjonen, har ho droppa mange sommarblomar. For dei blir etne opp av dei hata dyra.
– Dei elskar også tulipan- og påskeliljeblad, så dei måtte eg klippe vekk.
Kvir seg til hausten
Og plagen i hagen reknar ho med held fram ei stund, Ho ser ikkje for seg at det blir mindre å gjere utover varme haustkveldar.
– Kjære vene, eg vil ikkje eingong tenkje på haustkveldane. Sniglane er her så lenge det er varme i lufta og når det mørknar trivast dei endå betre.
Ber om hjelp
Det er så gale at dei heller ikkje vil at småungar skal leike på plenen.
– Vi kan rett og slett ikkje sleppe ein krabbande unge utpå her.
No er ho så fortvila at ho ber kommunen om hjelp.
– Vi må få bukt med dette, for elles vil det ingen ende ta. Både vi og naboar er så fortvila, og samtaleemnet er stort sett sniglar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kommunen engasjerer seg
Rådmannen Odd Arve Rakstad i den hardt råka kommunen Leikanger er einig i at noko må gjerast.
Til Sogn Avis seier han at dei skal setje i gang ein prosess for å prøve å finne ei løysing. Rådmannen ønskjer at Fylkesmannen, Mattilsynet, helsetenesta og Forsøksringen drøfta kva som bør gjerast.
– Dette er ei alvorleg sak og folk blir motlause. Mange får livskvaliteten sett på prøve og det kan føre til problem for hotell og campingplass, seier rådmannen som sjølv slit med snigleproblem i hagen sin.