Hopp til innhold

Her førehandsrøyster Jacob (16)

Han er så ung at han ikkje har lov til å stå på ei politisk liste, og ordinær stemmerett er enno to år unna. I går kunne likevel 16-åringen levere si røyst til årets kommuneval.

Jacob Bredesen

STOLT: Ungdomspolitikar og førstegongsveljar Jacob Bredesen legg røystesetelen i urna i god tid før valet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Er det inn her?, spør 16 år gamle Jacob Bredesen i det han blir geleida gjennom servicetorget på rådhuset i Eid.

Målet er røysterommet lenger bak.

– Då er du klar til å gi di røyst?, spør resepsjonisten.

– Det er eg.

For første gong i livet skal den politisk aktive tenåringen få vere med å bestemme kven som skal styre kommunen han bur i.

– Det er ein stor dag for lokaldemokratiet. Det blir første gong noko sinne ein 16-åring får røyste ved val i Eid, seier ein tydleg stolt Bredesen.

16-åringar i 20 kommunar

Eid kommune er ved haustens kommuneval på lista over dei 20 kommunane som skal vere med i prøveordning for røysterett for 16-åringar. Luster kommune er med for andre gong. Førre gong lustringane var med, var valdeltakinga der blant 16-åringane heile 82 prosent.

Inne i valrommet på rådhuset i Eid ligg det to bunkar på bordet. Ein tilsett ved servicetorget forklarer korleis Bredesen skal gå fram. Men fylkestingsvallista må han ligge unna. Det er berre til kommunevalet 16-åringane kan røyste.

Gunvald Ludvigsen, Jacob Bredesen og Anne Kristin Villar Sundal

VIL FLYTTE GRENSA: Fleire 16- og 17-åringar bør få røysterett, meiner f.v. Gunvald Ludvigsen (V), Jacob Bredesen (UV) og Anne Kristin Villar Sundal (Eid ungdomsråd).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Trur det påverkar politikken

Som 16-åring kan heller ikkje Bredesen som er fylkesleiar i Unge Venstre stille til val i kommunestyret. Likevel meiner varaordførar og tidlegare stortingsrepresentant frå Venstre, Gunvald Ludvigsen, at røysterett for 16-åringar utgjer ein klar politisk skilnad.

– Når vi no held på å snikre saman eit valprogram, så blir det heilt naturleg å fokusere på ungdomen, meiner Ludvigsen

– Mange seier dei vil røyste

Leiaren i Eid ungdomsråd håpar tenåringane i Eid vil engasjere seg i valet.

– Dei som har røysterett i år verkar veldig positive til dette. Dei vil røyste, seier Anne Kristin Villar Sundal.

Det er gjennom ordninga med tidleg røystegjeving at Jacob Bredesen kunne røyste i går, dette er ei ordning som går fram til 10. august då tek den ordinære førehandsrøystinga over.

– No har eg røysta og er klar for å gå ut og spreie den glade bodskapen. Eg håpar så mange som mogleg blir med og røystar, seier 16-åringen som håpar jamaldringar over heile landet etter kvart kan få røysterett.