Hopp til innhold

Her følgjer forskaren dommaren i detalj

SOGNDAL (NRK): Visste du at ein dommar i norsk førstedivisjon gjerne kan springe lenger enn spelarane - og også lenger enn dommarane i engelsk Premier League?

Forskarar følgjer dommarane med målebrikker gjennom kampane på Fosshaugane. No skal dei finne ut korleis dei beveger seg og kva fysisk tilstand har å seie for vanskelege avgjerder.

FØLGJER MED: Amund Riiser overvakar alt som skjer ute på bana via laptopen. Der kan han sjå detaljert korleis dommarane spring i løpet av kampen. Reporter: Rune Fossum. Foto og redigering: Arne Stubhaug

– Vi spring kanskje på ein annan måte enn det spelarane gjer. Vi har ikkje så mange og raske løp, men meir jamn rørsle, seier Sigurd Smehus Kringstad.

Han skal normalt ikkje vere i sentrum for det som skjer ute på bana, men det er akkurat det dommaren er i forskingsprosjektet som no går føre seg på Fosshaugane.

Meiner det kan vere eigen dommar- og spelarkondis

Saman med Sogn og Fjordane Fotballkrets undersøkjer forskarar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane dei fysiske eigenskapane og fysiske krava til dommarar på nasjonalt nivå.

– Eg håpar vi kan vere med og påverke treningskvardagen og gjere dommarane meir skikka til å dømme meir rett, seier Amund Riiser.

– Vi ser i datagrunnlaget vårt at dommarane spring færre kilometer i stor fart enn spelarane, men vel så mange meter totalt. Så det kan vere snakk om ein eigen spelarkondis og eigen dommarkondis, seier forskaren.

Amund Riiser viser fram sensoren som sender signala

BRIKKEN: Slik ser den ut, brikken som sender signal 20 gongar i sekundet om kvar dommaren er på bana.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han sit høgt oppe på Fosshaugane og følgjer med på kampen - både med det han ser ute på grasmatta og via ein skjerm med tilgang til alle data frå spelarar og dommarar.

Alle aktørane i oppgjeret er registerte i eit trackingsystem med ein sensor rundt livet. Dei har også ein pulsmålar rundt handleddet.

Les også: Dommersjef Hauge til kritikerne: – Skjerp dere!

Amund Riiser monterer sensorbelte rundt magen til dommar Sigurd Smehus Kringstad

SENSORAR: Amund Riiser (t.v.) festar beltet med sensoren rundt livet til dommar Sigurd Smehus Kringstad før kampstart.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vanskeleg å tenkje klart når ein er sliten

Forskarane har vore i sving på alle kampane i førstedivisjon i Sogndal denne sesongen. No er dei i ferd med å opparbeide seg ein unik tilgang til informasjon om dommarane.

Mellom anna er det aldri forska på korleis linjedommarane spring under ein kamp.

No kan dei snart danne seg eit bilete av kva som skjer når dommarane er oppe i vanskelege og kontroversielle situasjonar: Kva fart dei har, kor nær situasjonen dei er – og kva fysisk tilstand dei er i.

– Tenk deg at du tar deg ein løpetur på fjellet, og at du skal gjere eit vanskeleg reknestykke når du kjem på toppen. Det er vanskeleg å tenkje klart når ein er sliten, seier Sigurd Smehus Kringstad.

Dommar Sigurd Smehus Kringstad bles kampen i gang

KREVJANDE: Jobben som dommar i toppfotballen blir stadig meir krevjande, også når det gjeld fysisk trening og kapasitet. Her set Sigurd Smehus Kringstad i gang kampen mellom Sogndal og Strømmen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Forskinga kan føre til endringar i trening og krav

I Norges Fotballforbund følgjer dei nøye med på kva forskarane kjem fram til. I løpet av hausten skal den endelege rapporten vere klar.

– Vi har ein del målingar, men det er stort sett frå internasjonale kampar. Difor er det veldig spennande å få målingar på norske dommarar, seier Arnor Dingen i dommarkomiteen.

Forskarane slår fast at assistentdommarane aksellerer meir enn hovuddommaren. Dei spring meir i rykk og napp, og kanskje må dei i framtida trene ulikt for å ta omsyn til dette. Og kanskje må ein justere krava til dommarane.

Dommarobservatør Arnor Dingen frå NFF

SPENT: Arnor Dingen i fotballforbundet følgjer nøye med på kva som kjem ut av forskinga på dommarane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Målet må vere å løyse dommargjerninga best mogleg, seier Smehus Kringstad.

Sjølv la han bak seg 12,4 kilometer då han dømde kampen mellom Sogndal og Strømmen. Ingen av spelarane sprang så mykje. Det var også lenger enn snittet for dommarane i Premier League.