Hopp til innhold

Her fjernar dei skog for å hindre skogbrann

Den store skogbrannfaren gjer at energiselskapa set inn ekstra ressursar for å rydde skog langs utsette punkt på kraftlinjene.

Sunnfjord Energi ryddar linjer

RYDDAR: Sunnfjord Energi skal ha åtte mann ute for å rydde langs kraftlinene. Her er dei i full gang ved Langhogane i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er veldig tørt, og skulle det komme noko borti lina og byrje å brenne, så ville det vore for gale, seier montørformann Geir Lothe i Sunnfjord Energi.

Saman med to kollegaer er han i full gang med å hogge ned skog som har vakse heilt opp i kraftlina ved Langhogane på Vassenden i Jølster.

– Vi tek først det som kan takast utan utkopling. Det vi må kople ut ordnar vi seinare på ein trygg og forsvarleg måte, seier Lothe, medan kollegaene sagar og ryddar unna skog.

– Dersom folk ser stader som bør ryddast, så er det flott om dei kan gi beskjed, legg han til.

Arild Fleten

FOKUS: Nettsjef Arild Fleten i Sunnfjord energi seier dei denne veka har åtte mann på skogrydding i Jølster og Naustdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten, seier at det tørre vêret gjer at mannskapa deira må vere ekstra varsame under feltarbeid. Over det meste av Sør-Noreg er det bålforbod og strenge restriksjonar for opne flammar. Samstundes har fleire kommunar også restriksjonar for vatning.

Restriksjonar har også feltarbeidarane til Sunnfjord Energi.

– Det er viktig å vere forsiktig når vi koplar inn igjen linjer og sjekkar at ingen leidningar har falle ned, seier Fleten.

– Kva slags forholdsreglar tek de?

– Når vi får tilbakemeldingar frå publikum handlar vi raskt. Vi har blant anna fått beskjed om tre som står i nærleiken av høgspentlinjer, og då set vi inn ekstra ryddelag for rydde skog langs traseen på utsette stade, seier Fleten.

Skog veks opp i kraftlinja

IKKJE BRA: Skogen veks heilt opp i linja ved Langhogane på Vassenden i Jølster. – Det er ikkje bra i det heile, verken elektrisk eller for brannfaren, seier montørformann i Sunnfjord Energi, Geir Lothe.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Energiverket har jamlege rundar der dei ryddar langs linjene sine. Men vegetasjonen veks raskt, og det er ikkje alt dei får med seg under synfaring.

– Det er sjeldan det tek fyr om tre og busker kjem borti linjene. Den største brannfaren er viss linjene fell ned på bakken, seier Fleten.

Hos SFE får vi opplyst at dei ikkje har ekstra mannskap ute for å rydde, men at dei har sendt ut informasjon internt for å minne dei tilsette om brannfaren og at dei er forsiktige med bruk av utstyr som kan skape gnistar og flammar.