Hopp til innhold

Her fjernar dei den einaste bensinstasjonen utan å gje beskjed til innbyggjarane

Utan å informere nokon blei den einaste bensinstasjonen i bygda fjerna. No må fortvilte innbyggjarar køyre fleire mil for å fylle.

Drivstoffpumper i Stongfjorden

FJERNA: Måløy Havneservice har tatt vekk drivstoffpumpene i Stongfjorden, fordi det ikkje lenger var lønnsamt å drive dei.

Foto: Stian Andal

– Det er vanvettig trist for oss som bur her. Vi føler at bygda forsvinn bit for bit. Barnehagen la ned dette året, og når slike ting forsvinn, så bit det på ein liten stad som Stongfjorden, seier Stian Andal.

Han meiner konsekvensane av at drivstoffpumpene forsvinn kan føre til at folk legg handelen utabygds.

– Når ein må reise til nabobygdene Askvoll eller Kvammen for å fylle drivstoff, er det naturleg at ein då handlar på same staden. Det er trist for nærbutikken.

– Dessutan er det mange her som har biinntekter på tyske turistar som kjem på fiske i sommarhalvåret. Vi taper på dette, seier han.

For få som kjøpte drivstoff

Det er Måløy Havneservice som eig og driv drivstoffpumpene. Administrerande direktør, Bent Hammersvik, seier at dei fjerna pumpene fordi det ikkje lenger var lønnsamt.

– Det gjekk for lite volum, og vi kan ikkje lenger ha ein stasjon som vi ikkje tener pengar på.

Stian Andal seier folk i bygda ikkje har fått den informasjonen dei ville ha om drivstoffpumpene.

– Dei svarte viss vi spurte, men det er ikkje informert i sosiale medium eller hengt opp informasjon nokre stadar på førehand.

Det var styret i Måløy Havneservice som bestemte å fjerne drivstoffpumpene. Det blei ikkje informert om dette på førehand, seier Hammersvik.

– Men det er gitt informasjon til ein person som ringde og lurte, legg han til.

Vil finne ei løysning

Hammersvik seier dei no arbeidar med å finne ei erstatning til drivstoff, men det er førebels uvisst når dette kjem på plass.

– Vi skal kome med ei billigare, sjølvdreven løysning, men det må vi nesten kome tilbake til, seier han.

Drivstoffpumper i Stongfjorden
Foto: Stian Andal