Hopp til innhold

I Sogn og Fjordane finst det berre éin hurtigladestasjon for elbilar

Trass i at staten ønskjer at bilistar skal køyre meir miljøvenleg, og elbilsalet er meir enn tredobla i fylket, finst det berre éin einaste hurtigladestasjon for elbilar i Sogn og Fjordane.

Hurtigladestasjonen på Gol er den eneste i Buskerud

TRENG FLEIRE: Førebels er det berre éin hurtigladestasjon i fylket. Behovet er langt større, meiner prosjektleiar i Grønn Bil, Ole Henrik Hannisdahl.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– At det er for få hurtigladarar i Sogn og Fjordane er det ikkje tvil om. Konsekvensen av det er at det vert vanskelegare for folk å nytte elbil, seier prosjektleiar i Grønn Bil, Ole Henrik Hannisdahl.

Han trur utbygginga vil gå raskare dersom private selskap ser moglegheita til å tene pengar på ladestasjonane.

I dag er det berre éin hurtigladestasjon som passar til alle elbiltypar her i Sogn og Fjordane. Elbilprodusenten Tesla har rett nok ein hurtigladestasjon i Aurland, men denne passar ikkje for andre bilmerke.

Fylkeskommunen gav i 2013 midlar til bygging av fem hurtigladestasjonar, i Florø, Førde, Jølster, Skei og Eid. I tillegg er det allereie eit punkt på Oppedal ferjekai.

Medan ladetida på ein vanleg ladestasjon kan vere ein prøve for tolmodet, kan ein hurtigladar gjere jobben på berre knapt éin time. Denne type ladarar er viktig for at ein skal kunne køyre over lengre avstandar med elbil.

Samtidig har salet av elbilar meir enn firedobla seg i fylket, frå 31 til 130 bilar.

Ønskjer fart på utbygginga

Dette er framleis langt under landssnittet, og for å få fart på utbygginga av ladestasjonar, trur Hannisdahl det er viktig at den vert gjort av kommersielle selskap. Han trur det kan få fleire miljøvenlege bilar på vegane.

Ole Henrik Hannisdahl

MÅ HA FLEIRE: Ole Henrik Hannisdahl i Grønn Bil vil ha fart på utbygginga av hurtigladestasjonar.

Foto: Grønn Bil

– Det er samstundes viktig at dette vert gjort av aktørar som tek seg betalt, og som ser for seg at dei på sikt kan tene pengar på det. Viss vi ikkje får ei kommersiell utbygging, får vi ikkje det volumet vi treng for å handtere mange elbilar, seier Hannisdahl.

I løpet av året vil det komme fem nye hurtigladestasjonar i Sogn og Fjordane. Desse skal byggjast av kraftselskapa i fylket, men får støtte frå både staten og fylkeskommunen.

Treng eit spark bak

Ylva Torillsdotter Tyssing hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune trur ikkje desse ladestasjonane hadde vorte bygde utan pengestøtta.

– Vi ser at det vesle, ekstra sparket bak, trengst for å komme i gang og få bygd desse her. Det er ganske kostnadstungt, og då sit det litt lenger inne hjå nettselskapa, seier Tyssing.

Ole Gaute Hovstad, prosjektleiar i SFE, seier årsaka til at dei no byggjer hurtigladestasjonar, er for å bidra i samfunnet, ikkje for å tene pengar.

Han trur ei årsak til at dei starta prosjektet er nettopp at dei får insentiv frå staten.

– Eg trur det er avgjerande for å komme i gang. Grunnlaget, når ein ser på talet på elbilar, er framleis veldig lite, seier Hovstad.