– Det er difor eg er på Bryggja. For å tvinge meg til å vere aleine så eg får lese.
I den vesle bygda er det ingen som forstyrrar, og han har ingen plikter. Halvannan time kvar dag er Toralv Maurstad ute og går og les tekst.
– Å gå er den finaste måten å lære teksten på.
Ved kjøkenbordet heime på Tuftene på Maurstad på Bryggja øver Toralv Maurstad på Peer Gynt på nynorsk. Første prøven til haustens oppsetting på Det Norske Teatret kjem alt neste veke.
Sporty veteran
Den kvithåra nittieinåringen med eit guteaktig blikk smiler der han sit med kaffikoppen og kikar ut vindauget mot aust der sola skin mot han og dei grøne blada på buskene utanfor.
– Sjøen freistar meg. Eg skulle gjerne hatt ut garn, men har ikkje fått lov til å gå i båt åleine.
Han må vere varsam. Det var her på kjøkenet han fall om for halvanna år sidan.
– Det har gått bra, eg kom meg til hektene, og har til og med fått jobb. Det er ikkje alle over nitti forunnt, seier den livsglade skodespelaren.
Alderen tenkjer han ikkje særleg over. Han kjenner seg heldig som framleis hugsar tekst.
– Inni meg er eg om lag den same som for ti år sidan, tykkjer eg, sjølv om eg veit at eg ikkje er det. Beina er dårlegare, men i hovudet og sjela er eg den same.
Tilbake til røtene
Toralv Maurstad kjenner Peer Gynt godt frå før, men ser fram til ein ny og spanande måte å sjå han på. Framsyninga tek til med femte akt og stykket er eit tilbakeblikk.
– Viss Peer ikkje kan bevise at han har levd riktig hamnar han i knappestøyparen. Då må han tenkje seg om, ser bakover og spør seg korleis han var for ti, tjue, førti år sidan.
Også for Toralv Maurstad handlar det om å sjå bakover. Far hans, skodespelaren Alfred Maurstad, som også har spelt Peer Gynt, kom frå Maurstad, og Toralv overtok garden då faren døydde.
– Det er deilig å vere her. Eg snakkar jo alltid om at eg skal «heim til Bryggja». så det verkar som eg har røtene mine her.
Fuglekvitter og blomane som kjem opp av bakken held han med selskap denne morgonen. Det gjer godt for eit kunstnarsinn å ha ein slik stad å «rømme til» frå storbyen.
Dagens publikum er to måsar på eit naust. Til hausten ventar fulle teatersalar.