NRK Meny
Normal

Her finn dei spora etter dei første jegerane

HEMSEDALSFJELLET (NRK) Medan dei moderne menneska utryddar villreinlivet i Nordfjella, finn arkeologane spora etter steinaldermenneska som levde i pakt med dei. Funna er oppsiktsvekkande.

Arkeologar Lærdal (Hemsedalsfjellet)

EI ANNA TID: Akkurat her sat folk og hogg til reiskap for 6000 år sidan.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Her er det enormt mange bu- og verkstadplassar. Vi snakkar ikkje om hundrevis, men kanskje fleire tusen, seier arkeolog og forskar Morten Ramstad ved Universitetsmuseet i Bergen.

NRK møter han og kollegaene ikkje langt unna Eldrevatn på lærdalssida av Hemsedalsfjellet. Dette området er svært rikt på steinalderfunn. I forskarmiljøet blir det gjerne kalla «indrefileten» eller «steinaldermekka».

Kjetil Loftsgarden og Morten Ramstad

RIKE FUNN: Arkeolog Morten Ramstad (t.h.) saman med kollega Kjetil Loftsgarden.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Skrantesjuke

Eitt av tiltaka mot den frykta dyresjukdomen skrantesjuke (CWD) er å bygge eit 17 kilometer langt gjerde som skal skilje tamreinen frå villreinen og hindre smitte.

Slik finn arkeologane endå meir i dette steinaldermekkaet.

– Her har det nærast vore ein industri i steinalderen. Menneska har teke med seg kvartsitt frå brota i Kjøleskaret, og komme ned hit og slått av dei bitane som ikkje hadde god nok kvalitet.

– Til slutt har dei sete att med mindre blokker. Desse har dei teke med seg. Vi finn dei att i store delar av Sør-Norge, fortel Ramstad.

Kjetil Loftsgarden og Tina Jensen Granados

For kanskje 6000 år sidan sat eitt eller fleire steinaldermenneske her for ei kort stund. Tida brukte han eller ho til å hogge flisar av ein knoll av Lærdalskvartsitt.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Og steinen? Det er Lærdalskvartsitt. Den er finkorna, grøn og kvit. Finkorna kvartsitt er enklare å lage pilespissar og knivar av. Kvartsitten kan difor vere ein av dei første eksportvarene på Vestlandet. Den finst berre her på Hemsedalsfjellet. Og den var i bruk svært lenge.

– Her i området ligg det ikkje berre att tusenvis av små fliser. Vi snakkar hundretusenvis, seier Ramstad.

Howell Magnus Roberts

GJER FUNN: Jord blir skylt og sila. Howell Magnus Roberts gjorde funn i denne silen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Handa full

Dei siste fire-fem vekene har arkeologane sikra spora etter dei menneska som kom hit nettopp på grunn av villreinen.

– Folk i steinalderen hadde eit nært forhold til villreinen. Dei jakta kanskje ikkje, dei lokka den meir til seg, og identifiserte seg med den. Først frå mellomalderen av vart reinen meir ei vare, seier Ramstad.

Når NRK kjem på besøk, grev dei fram ein liten pauseplass.

– Her har steinalderfolk hatt ein liten stopp. Dei har teke med seg Lærdalskvartsitt, sett seg ned og slått av nokre bitar. Så her ser vi eit lite augneblinksbilete frå steinalderen. Det er veldig spesielt, seier Ramstad.

Tina Jensen Granados

HANDA FULL: Stipendiat Tina Jensen Granados.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Stipendiat Tina Jensen Granados er ekspert på steinalderen. Ho står med handa full av kvartsitt.

– Dette er avfall etter produksjonen. Reiskapane har dei teke med seg vidare.

Ho teiknar eit bilde av eit steinaldermenneske som sat akkurat her, for mange tusen år sidan, og med hammarstein slo på ein stor knoll med Lærdalskvartsitt. Splintane spruta.

– Dei har verkeleg sløst på råstoffet. Og ikkje vore like gjerrig som steinalderfolka på kysten. Det var jo berre å gå opp att i steinbrotet og hente meir, smiler Granados.

Tina Jensen Granados
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ho er klar på kva dette området av Hemsedalsfjellet er.

– Det er steinaldermekka. Dei fleste som forskar på steinalderen i sør-Norge og i Skandinavia, kjenner godt til kvartsittbrota i Lærdal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune